Meny Lukk

Her vil det også kome meir informasjon om sogelaget

Fiskeri

Fiskeri var gjennom størstedelen av 1900-talet ei hovudnæring i Vartdal. Frå 1912 var havfiske ei næring som sysselsette mange frå Vartdal-bygdene og etter kvart heile Sunnmøre, samt andre delar av kyst-Noreg og frå Færøyane. VD-muséet har hundrevis av bruksgjenstandar frå denne tida, alt frå enkle handreiskapar til teknisk avansert utstyr nytta til fiskeleiting. Her er illustrasjonar som syner korleis fisket gjekk føre seg og fiskarlivet arta seg, uttrykt både gjennom ei mengd foto, plansjar og audiovisuelle framsyningar. I museumssamlinga inngår også nokre modellar av eldre fiskefarty og bilete av alle VD-registrerte havfiskebåtar.

Fiskeri var gjennom størstedelen av 1900-talet ei hovudnæring i Vartdal. Gjennom sjøsettinga i 1912 av den nybygde og dampdrivne havfiskebåten «Ramoen», og mange seinare båtkjøp og kontraheringar, vart havfiske ei lokalt eigarbasert næring som sysselsette mange frå Vartdal-bygdene og etterkvart heile Sunnmøre, samt andre delar av kyst-Noreg og frå Færøyane.

Båtane drog til fiskefelt langs heile norskekysten, til Nordsjøen, Barentshavet og ved Island, fangstfelt i Kvitsjøen og Vestisen, og med tida til fjernare fiskebankar langs Vest-Grønland, austkysten av Canada og nordlege USA, og jamvel Vest-Afrika. Frå desse hav henta dei heim rikdom gjennom svære fangstar med sild, selskinn, torsk, lodde, reker og andre havsens skapningar. Eller dei vende tilbake i vonbrot over svart hav.

VD-muséet har hundrevis av bruksgjenstandar frå denne slitsame, stolte tida. Alt frå enkle handreiskapar og praktiske hjelpemiddel i ymse slags arbeid, til teknisk avansert utstyr nytta i drifta av båtane og til fiskeleiting, med meir. Her er utkikstønna frå ishavsskuta «Furenak», fleire modellar av eldre fiskefarty i storleik 1:50, og framifrå illustrasjonar som syner korleis sildefisket gjekk føre seg i dei segnomsuste 1950-åra. Meir om ulike typar fiskeri og eit visst innsyn i korleis fiskarlivet kunne arte seg, får ein gjennom ei mengd foto, kart, plansjar og audiovisuelle framsyningar. Ei samling fotografi og måleri av samtlege havfiskebåtar heimehøyrande i Vartdal og registrerte med VD-merket, høyrer også med. Det heimlege fjordfisket er representert med ein færing muséet har fått i gåve.