«Barstadvikruta», Vartdal & Kleiva si godsrute mellom Vartdal og Ålesund, har køyrt sin siste tur. Det skjedde onsdag – om lag samstundes som ruta fylte 30 år. Grunnen til nedlegginga er at all mjølk langs Vartdalsstranda heretter skal hentast av tankbil, og at det økonomisk grunnlaget for ruta dermed har falle bort.
Det var Inge Vartdal (56) som for 30 år sidan starta godsruta til Ålesund. Ruta kom i stand som eit direkte resultat av at ferjekaia i Festøya vart opna. Inge var forresten den aller første som køyrde ombord i ferja etter opninga. Før 1950 gjekk mjølka med båt frå Vartdal.
I byrjinga køyrde ruta frå Masdal med mjølk og varer til Ålesund. Seinare vart ho lengd til Vartdal, og ei tid køyrde Inge heilt til Håvoll. I 1953 slo Inge seg saman med Jostein Kleiva, og sidan har deira transportfirma hatt hand om ruta. Inge var sjåfør til seint på 60-talet. Seinare har ulike sjåførar køyrt ruta. Siste par–tre åra har Mathias Vartdal, bror til Inge, vore fast sjåfør.
9-til-4-dagen var eit ukjent omgrep for Inge. Arbeidsdagen starta i 5-tida om morgonen, og han var sjeldan heime før klokka nærma seg 9 om kvelden. Vinterstida måtte han i tillegg brøyte vegane om natta. Medan ruta omfatta berre Masdal og Barstadvik, var leverandørane med kvar sin gong for å lempe mjølkespanner. Dei var «pliktmann». Denne ordninga vart det slutt på då heile Vartdalsstranda kom med på ruta. Då vart det tilsett fast lempar.
Hardaste tørnen tok Inge i 1958. Då vart vegen mellom Barstadvik og Festøy stengd på grunn av utbetringar og ombygging. Inge måtte «snu» ruta og ta ferja frå Vartdal til Ålesund. Medan dette stod på, starta han arbeidsdagen i 3-tida om natta – og var heime neste kveld i 10-tida. Ein kveld med spesielt dårleg ver, minnest Inge, var han ikkje heime før nærare midnatt, og starta på nytt etter ein rask kaffikopp. På 100 mjølkebukkar langs stranda stod spannene og venta.
Første lastebilen kjøpte Inge i 1947. Bilen var 1,90 m brei, og det var så vidt han kom seg rundt nokre av svingane på stranda. Før ferjestøa i Festøya vart bygd, hadde han ansvaret for å hente mjølka på Nordre Vartdal. Olav Roth henta i Barstadvik, og Jostein Kleiva på Vartdal, Så kom ferja og dermed også «Barstadvikruta» No er altså også denne ein saga blott. Sunnmøre Meieri hentar mjølka i tankbilar, og godset skal sendast med Mørebil sine ordinære ruter.
– Vi køyrde Barstadvikruta i 30 år utan statsstønad, fortel Inge. Ikkje for det, han har heller aldri søkt om slik stønad. Det vart for mykje papirarbeid, meiner Inge. Enno er han å finne bak rattet i lastebilane til Vartdal & Kleiva, men vedlikehald og administrasjon har teke mykje av tida, I dag har selskapet 13 bilar og køyrer for ei rekkje firma.
Møre-Nytt, 6. mai 1980.