Mikkel-merra stod so roleg som ho sov då han Hans for noko sidan skulde avstad og ta ho heim. Då han kom nærare, såg han, at merra pipra og skolv, og då han kom heilt burttil synte det seg, at ho hadde brote av eine framfoten. Merra, som no var over 20 år og difor gått ut av trygdinga vart straks slakta og kjøtet selt til revemat.
Røysekatt-farm
Nokre ung-gutar på ein gard i Vartdal fanga nyleg ein stor og ein mindre røysekatt, som dei anten tenkte til start av eigen røyskatt-farm eller selje til den som lyste i Sunnmørsposten, at han kjøpte levande røysekattar. Gutane trudde, at røysekattane var selskapskjære og slepte dei difor ilag i same buret. Men um morgonen synte det seg, at den største hadde mest ete upp den mindre. – Det ser soleis ut for at røysekatten enno ikkje har lært det store bodet, at ein skal elska sin næste som seg sjølv. (Menneska har lært det, men lever ikkje etter det likevel.)
Ei tidlegbær ku frå garden Vartdal hengde seg nyleg. Men ho gjorde det visstnok ikkje med vilje. Ho var nemleg bunda for nær ein elevebarde. Kjøtet vart brukt til sylvreven.
Or Ørsta Avis, 7. oktober 1927.