Under folketeljinga i desember 1920 er eit sneis personar fødde i Vartdal registrert som busette i Ålesund by. Nokre av desse hadde vorte byfolk for godt, medan andre budde i byen forbigåande.
I Fjellgata aust for bykjernen budde den gamla enkja Anne Storeide (79) i eit lite hus, ho var frå Lynge. I eit hus i den same budde også det barnlause ekteparet Marie og Johannes Knudtzon, ho frå Saltre/Berg og syster til Nille og Elen. Også Anna Dyb (39), f. Festøy, gift med ein bakarsvenn, budde i Fjellgata. Alt medan Marie B. Øye (35) var kjøkkenpike hos ein lege, framleis i Fjellgata. Fiskar Hans H Masdal (28)og to kvinner i sylære, Gurine O Barstad (21) og Kristine I. Romestrand (23), losjerte alle tre hos enka Karen Olsen i Fjellgata.

Marie B. Øye (1895-1977) vart gift med enkjemann Vilhelm Lynge i Larsgarden der. Foto av Johannes Sponland frå 1911. Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mr.
Husmor Johanne Slyngstad (41) og familien hennar budde i Bjergveien. Ho var fødd utanfor ekteskap på Remen. Også sjukepleierska Anna Vartdal (37) frå Pegarden Nørevartdal budde i Bjergveien, ho saman med den 15 år gamle pleiesonen Petter Frøysa.
Syarbeiderske Regine Romestrand (43) frå Hjellen budde åleine i eit hus i Klaus Nilsens gate. Åleine i same gata budde også enkja Nikoline Båtnes (75), ho opphavleg frå Flåskjer. Brordottera hennar, Anna Flåskjer (37), seinare gift Korshamn, var tenestejente hos ein familie Bolsø i Fagervikgata.
Marta Aarseth (16) frå Andersgarden var tenestejente hos familien Ole Synnes i Kippervikgata. Skreddar Karen A. Øye (41) og ei ugift syerske frå Herøy hadde heim i Løvenvoldgata. Systrene Raghild (32) og Sara Romestrand (21) frå Nilsgarden budde saman med over ti andre unge kvinner i eit hus i Notenesgata.
Over på Aspøya treffer ein fiskar Olaf O Volle (39) og familien hans i Brunholmgata, Olaf var frå husmannsplassen Årejylet. Sypike Karen Aarskog (34) (Ivag.) og ei anna kvinne budde i lag i Øvregata. Snikkar Guttorm O Myklebust (44) var ein av fleire som losjerte hos Bendik Vinje-familien i Kirkegata. Fiskar Rasmus O. Fæstø (33) med familie budde i Giskegata. Også maskinmontør Paul Barstad (44) frå Remegarden si familie hadde adresse Giskegata.
Lengst vest i bykommunen, på Steinvågneset, budde Lina Rekdal (39), f. Sætre, ho gift med bryggeformann Ole Rekdal.
Rimelegvis kan det ha vore ein og annan vartdaling i byen tilegg i desember 1920, i tilleg til dei her nemnde.