Viktig avgjerd i Vartdal

misjonsforeining for Det Norske Misjonsselskap vart teke på eit møte på Bukta-skulen no sundag 5. april [1959]. Ei representativ forsamling av misjonskvinner og -menn var samla til årsmøte. Me skal rekapitulere det som hende og bakgrunnen for det. – Først må nemnast at på 1. søndag i 1891 vart Vartdalsstrandens Hedningemisjonsforening skipa.

Det hadde nok vore innsamling til misjonen før i Vartdal av ymse tilskipingar. Men den dagen kom misjonsfolk saman og organiserte ei fellesforeining med ovanståande namn. Eg har havt høve til å sjå første protokollen for fellesforeininga og grunnreglane der.

P.M. Kvien vart vald til formann og Anders O. Erdal til nestformann. Dei andre i styret var Hans K. Bjørndal, Johs. K. Aarset, Peder Elias Nøre-Vartdal og Karl B. Rot. Foreininga var delt i 6 underavdelingar: Flåskjerstranda, Øvre Årsetdalen, Nedre Årsetdalen, Nøre-Vartdal, Bukta og Barstadvik.

Sidan har denne fellesforeininga gått sin gong, og det har vore årsmøte for heile Vartdalsstranda ein gong for året. Men no, sundag 5. april 1959 vart fellesforeininga samrøystes oppløyst etter eit lite ordskifte. – Då eg kom dit stod Hjørdis Buset på kateteret og styrte ordskiftet som gjekk for seg i joviale former. Ole Volle hadde nett ordet og vog for og i mot på sin saklege og rolege måte. Før den store forsamlinga gjekk til avrøysting greip kaptein Volle ordet og i kvasse humoristiske ordelag fann han fram til sjølve grunnstemninga i flokken høyrdest det ut til. Han nemnte mellom anna at det beste måtte vera at kvar foreining for Det Norske Misjonsselskap måtte vera sjølvstendig og sjølv stå i kontakt med avdelingskontoret i Ålesund med omsyn til møte, basarar, festar, talarar, økonomi og alt førefallande. Etter talen hans kom det ikkje noko motforslag, og Vartdalsstrandens Hedningemisjonsforening gjekk over i soga etter 68 års levetid. Så baud Kalla Masdal inn til bordseta, og i eitt no kom det unge kvinner berande med kaffikanner og fullasta matbrett.

Etterpå song Petra Festøy og Hjørdis Buset duett. Soknepresten heldt tale og bad mellom anna misjonsfolket om å kome saman ein gong i året for å halde tradisjonen vedlike, sjølv om fellesforeininga var oppløyst som organisasjon. Så vart det utlodding til innkome for misjonen. Bertel Rot heldt ein tale for soknepresten med di han rekna med at det kanskje var siste gongen presten tala på skulehuset der, sidan han skal flytte. Det var ein personleg og djupfølt tale.

Or Kyrkjeteigen i Møre-Nytt av 10. april 1959.