Folk frå fortida – Nils I. Barstad

Nils Ingebrigtsson Barstad (1859-1941) var frå Indre-Øyra i Hjørundfjord. 16 år gammal hjelpte han den eldre broren med gardsdrifta på Øyra. I 1887 vart Nils gift med Marie frå Maldegarden på Barstad. To år seinare fekk han skøyte på Maldegarden av svigermora. Det skulle gå ti år før Marie og Nils fekk born, sonen Ivar, deira einaste barn, vart fødd i 1897. I 1936 fylgde begge foreldra han til grava på Vartdal kyrkjegard.

Malde-Nils var ein likandes kar. Han hadde mot til å vere seg sjølv i eitt og alt, og sa si meining så ingen kunne vere i tvil. Og han kunne snakke «fint». Dette gjorde han seg nytte av når høvet baud seg. Ei ung kone på ein av grannegardane hadde fått nye golvteppe. Etter vask la ho dei på steingarden. Nils kom forbi, såg dei og syntest dei var vene. Han gjekk så helsa på den unge kona. – Er det Di frue som eier dei fine gulvteppene som ligger på steingården? Jau, kona stadfesta det. Nils funderte ei stund. – Ja, di var fine, og jei undres om ikke di ville ha vært noe for fruen i Maldegården?

Nils var framtidsretta, såg det nye i tida, kva som kunne vere til nytte og lette arbeidet. Han var mellom dei første i bygda som kjøpte slåmaskin. Rakerive skaffa han seg òg, men henne var han ikkje nøgd med. Han skreiv til leverandøren og reklamerte. Nils tok kopi av brevet som er å finne i Maldegarden. I brevet gjer han det klart at «Min 12 år gamle sønn, Ivar, raker like godt».

Malde-Nils leverte ved til statsveterinær Toenberg i Ålesund. Ein gong ringde Nils til Toenberg og ville vite om veden kunne leverast. Toenberg spurde om varene var like bra som før. Nils svara at: – Det er ekte fjellbirk, den er frå Lysebjerget, det er mei og sønnen Ivar som har fraktet den hjem.

Nils røykte ikkje. Men då han julaftan kom ned på butikken til Gamle-Barstad (Hans Barstad) spurde Gamle-Barstad med eit språk som høvde seg: – Røker Di? – Nei takk, sa Nils. – Røker Di aldri? Ville Gamle-Barstad vite. Då forstod Nils at det var julesigaren som skulle delast ut. – Å, jo takk!

Kjelde: ’Gamle-Barstad og Malde-Nils’ av Per Holsæker (Møre-Nytt 23.12.1982).