Nils Guttormsson Barstad (1868-1950) var frå Remegarden og vart alltid kalla Reme-Nils, endå om han bygde eigen gard på ein halvpart av farsgarden. Frå ungdomstida og til han var fleire-og-femti år dreiv han fiske på mørekysten. Under folketeljinga i 1891 besøkte han folket på Klubbeneset i ytre Hjørundfjord. Midt på 1890-talet var han ein av dei sambygdingane som reiste til Bodø og tok del i slitet på teglverket i byen.
Allereie før 1900 tok Nils til med å dyrke opp jord på ein part av farsgarden, eit bruk som han gav det norrøne namnet Breidablik. Men det var fyrst etter han i sitt 39. år gifta seg med Ingeborg Erdal at han fekk skøyte på gardparten. Fram til 1920 vart Nils og Ingeborg foreldre til seks born. Dei tre sønene Anders, Guttorm og Alf høyrde bygda til, til så lenge Guttorm flytta med familien til Kongsberg på 1960-talet. Døtrene hamna på Øye i Hjørundfjord, Eidsvoll i Akershus og i Oslo.

Brudeparet Nils G. Barstad og Ingeborg f. Erdal hos fotograf Stamsvig Eckroll i Ålesund. Kjelde: Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.