Ein kjend person i Ålesund og på Sunnmøre i min barndom var Nikolai Jamne, eller Nikken Jamne som han vart heitande. Han budde i Ålesund, og levde vel av det han fekk av fattigkassa, og delvis av det folk gav han. Bakarane i Ålesund heldt han mykje med brødmat og byens bedre» med klede. Han gjekk alltid ulasteleg «antrukken». Så saga han ved for folk, og derfor titulerte han seg som sagførar. Det kunne vel ingen nekte han. Så reiste han på lange feriar, som han kalla det, rundt om på Sunnmøre. Då gjorde han kjent at: «Min sagfører-forretning er stengt grunnet ferie».
Det første eg kan hugse av Nikken, var ein gong bestefar og eg stod på Skansekaia i Ålesund, og venta på at rutebåten skulle gå på sør. Dette måtte vere våren 1916 eller 1917. Eg hadde ikkje byrja på skulen og så vidt eg hugsar var det gamle «Varde» som gjekk ruta. Han Nikken Jamne kom gåande og helsa. – No er det lenge sia du var sør og besøkte oss, so no må du ta ein tur, sa bestefar. – Nei, sa han Nikken, – i sommer har jeg distriktene på nordre Sunnmøre og der. Så da kan jeg dessverre ikke komme, men neste sommer da har jeg søndre Sunnmør, og da kommer jeg. (Eg hugsar sjølvsagt ikkje samtalen, men bestefar fortalde det ofte.)
Nikken kom fleire gonger. Eg hugsar ein gong det hadde vore val året før. Bestefar spurde kva parti han stemde på. – Det var vel Arbeidarpartiet, det, undra bestefar. – Nei, jeg stemte på Oskar Hansen*, jeg. Han gir meg ti kroner, han, og borgermester Solem bare fem.
Far fortalde at han ein dag stod ned for huset og tala med presten Høyem. Det måtte vere før 1915. Nikken kom gåande sør i landsvegen, og Høyem såg han og sa: – Nei, så sandeliger ikke den Nikken Jamne her også. Han er jo en sand landeplage! Ja, han var vel oppfatta som ei plageånd av mange. Helst måtte han takast frå den humoristiske sida.
Han var svært redd kråka, og han sa ein gong: – Di er virkelig farlige di kraker.
Eit år fann han ut at han ville samle folk og halde tale. Det møtte ein del folk. Talen var visst litt spesiell, og han fann mellom anna ut at han måtte snakke litt for si «sjuke mor», også, nemleg god mat, og sa: – Jeg vil henstille til husmødrene at di har godkaker på lager, om der skulle komme fremmende! – Eit kvinnfolk reiste seg, og gjekk mot døra: – Ditta tullet e’kje noke å høyre på. Svaret frå Jamne kom kontant: – Hun er misunnelig, hun, for hun har ingen godkaker!
Or Møre-Nytt, 22. desember 1984.
Nikolai Jamne (1865-1931) var frå Ålesund. Slektsnamnet hadde han frå sin «kjødelege farfar», ein innflyttar frå Bergen til Ålesund.
*Oskar Hansen. Ganske så sikkert vert det her sikta til Oscar Larsen (1880-1962), kjøpmann som representerte Høgre i Stortinget frå 1919 til 1924.