I julehelga syng vi mykje. Og mange songar og salmar er dikta om nettopp dette som jula står for. Frå vi var ganske små og byrja traske rundt juletreet, så tok vi til å lære desse versa: «Eg er så glad kvar julekveld.» «Å jul med di glede.» «Her kjem me dine arme små.» Dei er uløyseleg knytte til vår barndoms julehelg.
Det ville vore underleg å feire jul utan julesongar. Ja, eg tenkjer på julefestane ned i gamleskulen. Ikkje noko anna program kan eg minnest, men 2-3 ringar med festkledde born som gjekk kring juletreet og song. «Sæle jolekveld.» «Eg synger julekvad, eg er så glad, så glad.» Og der var trangt om plassen, men feststemninga var stor. Når vi trøytna mot slutten, då stod han Osphol i skulekammersdøra med ei kasse full av store kveitebrød med mykje sukker på. Ho Buda-Anne-Marja hadde baka dei. Etter kvart som vi passerte kammersdøra så fekk vi borna kvar sitt kveitebrød opp i handa, og sette vi oss og åt. – Å du kor godt det var.
Medan vi sat der så tok vaksnefolket som vi sa, kvarandre i hendene og danna ring kring treet. Det står for meg no, som då dei byrja med denne: «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderum.» Dei song vel fleire med, men det er denne eg minnest. Flest alle som då var vaksnefolk har no flytt frå oss. Åja, det er ein stor flokk som har fare berre frå vår bygd. No syng dei «Den himmelske lovsong» for Guds kongestol. Og vi som då var born har vorte gamle og gråhåra. «Tider skal koma, tider bort skal kverva, ætt skal fylgje ættarrad.» Mange ting har forandra seg, men julesongane er dei same. Like nye kvar einaste julehelg, og like kjære og kjende. «Aldri skal tagna tonen frå himmelen.»
Og som eg no har gått her i førjulsvinteren og songe og sulla for meg sjølv og for kyrne og katten, så har eg tenkt på for ein rikdom vi eig nettopp i denne salmeskatten. «Glade jul, heilage jul.» Det er som orda og tonen smeltar saman til ei høgtidsstemning som mest kan få tårene fram. «Ring og kim no kvar ei klokke.» Eller denne: «Nu vandrer fram hver en verdens krok.» Berre eg tenkjer på dei, så er eg atter i gamleskulen, men no er det skuletime, og vi står i grupper som syng kvar si stemme. Trestemt song vi, medan ljoset frå oljelampa gav atterskin i forventningsfulle barneauge.
Ja, tonane frå julesongane spelar på mange strenger i sinn og tanke. Dei fortel om englar og hyrdingar og stjerner som lyser på «Fager himmel blå», men helst tonar dei om barnet i krubba. Og slik som vismennene kom og hylla barnet, kan også vi synge ut i takk og tilbeding: «Lov og takk du herre kjær, som til verda komen er.» Og «Hav takk som treder til armodshytter ned.» «Straks var det med engelen ein himmelsk hærskare som lova Gud!» Slik fortel juleevangeliet. Og salmediktaren seier det slik: «Lov, takk og pris i æva all. Trieinig Gud deg vere skal. Halleluja!»
Stadig fleire ord og tonar kjem fram i minnet: «Syng no klokkor jolebodet, ljome lydt om land og strand.» «Kling no klokka, ring og lokka frå tusen tårn.» Høyr kor det bårar og skjelv i den stille kvelden! Det er klokka i Vartdalskyrkja som ringer julehelga inn. Eller ho kallar til høgtidsgudsteneste på juledag. Det er som ein eigen klang i henne med jul. Og kyrkja fyllest til siste plass.
Presten kjem på stolen, han har kvite kjolen på i dag, det er juledag. «Lat oss reise oss og synge høgtidsverset vårt: I dag er fødd vår frelsarmann. Guds son og då vår broder sann.» Ja det er dette som er den djupaste tanke og jula sitt eigentlege innhald: dette om frelsaren som vart fødd. «No er det fødd ein frelsar, og natta vart til dag!» syng vi. «Du skal kalle namnet hans Jesus, for han skal frelse folket sitt frå syndene deira,» sa engelen. Og ein frelsar det treng vi alle. Vi kan ikkje greie oss utan han. Han som kjenner oss heilt og likevel er glad i oss. Han som tilgjev synda vår kvar einaste dag. Han som har laga oss ein verestad hjå seg når vi er ferdige her nede. «Når allting endes, vi der skal holde jul.» Dette er den store og gladaste tone i julesongen. Menneske glede deg, oss er ein evig frelsar fødd. Difor kan vi synge i kvardag som i julehelg. «Gled deg kvar sjel han har frelst.» Og så kan vi seie med tillit og takk: «Han er frelsar min.» AMEN.
Av B.V. (Borghild Vartdal) i Møre-Nytt av 23. desember 1981.