Foreiningsliv i Barstadvik – Av Per Holsæker

Starten av eldste foreininga les ein om i Vartdalssoga II. bandet, side 588. «Vartdalsstrandens Hedningemisjonsforening». Som mangt anna då var det ei foreining for heile Vartdalsstranda. Seinare vart ho delt og fekk namnet Norsk misjonsselskap.

Første åra var det menn som styrte, seinare kom kvinnene inn i styre, og dei har gjort godt arbeid. Gløden og arbeidsviljen må ein beundre, og måten dei gjorde det på. Misjonssauen, ulla frå han skulle misjonen ha. Karding, spinning, så strikking eller vevnad. Arbeidet har halde fram til i dag, om enn på ein litt annan måte. Styre og formann har vel skifta, men for den generasjonen eg høyrer til, var ein formann kjend mest kjend gjennom fleire år, Petra Barstad. Ho vart hardt prøva i livets skule, men tok sin lagnad med tolmod, og fann fred og signing i arbeidet.

Sterkt i minnet står dei svartkledde kvinner der dei kom ruslande til sine faste foreiningsmøte. Kom det talarar, så tok Petra fast imot dei, også dei som reiste for Israelsmisjonen. Her i bygda har ikkje vore slik foreining, men Israels sak har stor plass hos misjonskvinner, og 3. kvart møte i foreininga var for Israelsmisjonen.

***

Eg undrast kor mange her i bygda som minnast ein mann ved namn Reikenberg. Han heldt møte fleire kveldar i november 1954. Aldri har nokon samla så fullt hus. Reikenberg var jøde og reiste sjølvsagt for Israel. Han kom til Noreg etter krigen, han hadde vore heile krigen i dødsleirar, og det han kunne fortelje, skulle ein nekte for var sant. Han fortalde òg at etter han kom til Noreg, gjekk det lang tid før han verkeleg kunne få seg til å tru at eit slikt land var sant. Det var for godt til det. Og han hadde opplevt at jødane mangla det viktigaste i si lære og tru, julebodskapen.

Reikenberg var frå Austerrike og voks opp i same by og i same kvartal som ein annan ung mann. Dei kjende kvarandre og åt på same kafe, hans namn var Adolf Hitler.

Reikenberg sat i mange dødsleirar, og berga livet på ofte forunderleg vis. Ein gong vart han utropt til ein av mange appellar. I slike høve tok dei med sin personlege ting, alt kunne skje, som flytting, og det fort. Dei hadde ein gong fått Raude Kross-pakkar, og Reikenberg hadde teke vare på ei tomøskje til å ha sine små ting i. Denne tok han no med seg, han stod og heldt ho framfor seg på magen.

Appellen galdt folk til kremering og døden i gasskammer. Då dei kom til Reikenberg, vart han vinka til side, dei trong ein lege til alle dei sjuke. Øskja berga han. Den raude krossen viste, derfor rekna dei med at han var lege. Han var ikkje det.

No i jula vil eg ta med Reikenberg si forteljing om ei jul i dødsleiren. Heile julafta stod høgtalarane på full styrke, ut tona dei gamle og kjære julesongane. Folk utanfor skulle tru at også i leiren ar det jul. På appellplassen var det oppsett ei stor gran med 5 sterke lyspærer oppi, men ikkje til pynt. Den kom oppi om kvelden. – Alle vart utropte til appell, dei var spente, skulle dei få oppleve litt jul, skulle dei få sjå at det på ein slik kveld vart tent ei stjerne som bringa håp, håp for verda? –

Fem mann vart vilkårleg plukka ut, fekk ei løkke rundt halsen og vart hengde opp i treet, – til pynt. Frå høgtalarane: Gledeleg jul.

***

Gamle foreininga går framleis. Petra Barstad er no 91 år. Noverande formann er Kjellaug Sætre.

***

Foreininga for ytre sjømannsmisjon er òg ei foreining som har sett spor etter seg i bygda. Starten var i 1914, og i år var det 70 årsjubileum. Stort arbeid er gjort i denne foreininga. Mykje skulle gjerast før basaren kunne haldast, som oftast siste helga i oktober. Basaren har alltid samla fullt hus, for kyst-Noreg har omsorg for sjømannen på alle hav. Mange fine ting utlodda, mang ein duk rundt i bygda frå denne basaren. Skal eg ta fram ein person, er den min generasjon minnast, ho Berte Romestrand. Ho var i foreininga all si tid, flink å organisere og sparte seg ikkje. Hadde fast plass fram for scena i gamle Samhald og stod for trekkinga. Berte er blitt framheva av andre eldre på ein fin måte, også i ungdomsflokken. Ho var ivrig og fekk dei andre med i sams løft.

Sjømannsforeininga er framleis aktiv, formannen no er Torbjørg Barstad.

***

Santalforeinga var starta i 1942. Pastor Henry Giske fekk ho i gang. Til 1949 var Laurentze Holsæker formann, sidan til i dag Petra Godø. Foreininga har arbeidd jamt, og like til seinare år hadde dei årleg basar. Og 3. kvart møte har dei også hatt for Israel. Medlemstalet har vore 10-15, ikkje mange, men betydning har dei hatt.

Frå start til i dag har dei samla inn kr. 100.000. Kva er misjonsarbeid utan kvinner? Formannen feirar i år 35 årsjubileum.

***

Redningssaka har berre hatt ein kontaktperson her i bygda, men likevel var det halde basar årleg. Hausten 1947 var mykje folk møtt fram, og han som kom frå Redningsselskapet fortalde at dei hadde fått si nye prektige redningsskøyte. Skipsreiar Olav Ringdal hadde gitt ho. Han hadde gitt beskjed om at kun det beste var godt nok, uansett pris. Det var til minne om son sin, han skulle føre firmaet og namnet hans vidare. Han blei skoten i ei trening på eit hotell. Til minne, redningsskøyta «Olav Ringdal jr.».

***

Til slutt vil eg ta med Bondekvinneforeininga, stifta i 1934, hadde 50 års jubileum i år. Like til siste har dei halde fest, og før var det også årvisst med basar. Denne foreininga har gjort mykje godt for bygda, like frå 50 åra såg dei fram mot og arbeidde for ei nytt samlingshus i bygda. Dei var det som først tok til med matsal 17. mai, til inntekt for nytt hus, og like eins sal av rjømegraut jonsokafta. Såleis støtta dei godt opp då det nye Samhald var bygt, og var vidare med i utsmykkinga og hjelpte til å skaffe inventaret.

Bondekvinneforeininga bles det fortsatt friske vindar rundt, og noverande formann er Åshild Volle.

Frå Møre-Nytt, 22 . desember 1984.