Ein tomme nedanfor kneleden har eg eit 1 1/2 tommar langt arr etter eit øksehogg. Eg og bror min Anfinn hadde rive opp ei gamal og tjukk tyrirot or ei myr på Ædane i Nordre Vartdal. Vi hadde fått ei ny kløyvarøks. Finn førde øksa, og eg stod attmed. Så glapp øksa på den glatte sida og skreisa bort i venstre foten min og hogg sena som bind leggen til kneskjela. Eg var ikkje til doktor og fekk det sytt saman. Hadde øksa råka ein snau tomme lenger oppe, hadde eg vel fått eit stivt kne og dragast med. No er det berre ei liten kul der som ikkje syner utanpå buksa.
Sommaren 1908, då eg var berre 15 år gamal, vart eg kokk og halvluting på den første motorkutteren frå Nordre Vartdal, «Lugger», ein førti fots klinkerbåt. Skipper var først Skjelle-Eljas, som hadde kona si frå Myklebust i Årsetdalen, så var det Nils M. Ødegård. Fisket tok ti lnord på Storeggja i mars månad. Eg kjøpte meg line etter min halvlut. Noko sjøsjuk var eg dei to første timane i rom sjø når det var kuling og krapp sjø. Men det gjekk over, og eg kunne koke både kaffi og fersk fisk frå sjøen i ein stor koparkjele. Ein tur laut vi søkje nødhamn i Fosnavågen for sterk nordkuling, og eg skulle koke saukjøt og saftsupa til middags. Det gjekk bra med kjøtet, men då saftsupa skulle kokast, tømde eg godt med potetmjøl ut på det kokande mokket. Eg visste ikkje at det først laut rørast ut i kaldt vatn. Resultatet vart ein tjukk graut, heilt hard og kvit inne i.
Ein gong lenger ut på sommaren hadde vi vore ute på Korallneset, utanfor Sande, og tidleg på morgonen skulle vi setje kursen for Breisundet og Ålesund. Skipper sette kursen for meg på kompasen, og vi var endå så langt vest at vinkelen mellom Rundefjellet og ytste skjer i Rundavoren var liten. Eg hadde hug til å kome nærare land og fyren. Karane låg nede og sov. Men då vi kom på breidd med fyren, såg eg at det braut på babord side. Det tykte eg var underleg, for det var mest vindstille. Då kom han Rasofiel Ødegård på dekk og tok til å bykse i tunn og spurde meg korleis eg styrde. Sjøen braut då på det skjeret som ligg nærast land. Berre ei famn lenger til babord, og eg hadde styrt beint på skjeret som sjøen braut på. Men no var fåren over, og vi kunne styre mot Breisundet og Ålesund.
Det var ikkje stort å tene på eggjafiske den sommaren. Petroleum kosta 25 øre literen, og det var mykje kluss med motoren, og vi fekk berre 9 øre kiloen for brosme og 13,5 øre for lange. Den største vikeforteneste eg hadde, var 25 kroner.
Eg er likevel glad for at eg hadde den sommaren på Storeggja. Men eg fann at fiskar som livsyrke ville eg ikkje ha. Eg melde meg inn på Sunnmøre amtsskule på Sjøholt i Ørskog under styrar Johan Seland og andrelærar Ivar O. Vartdal, reiste med D/S Romsdal frå Vegsund til Ørskog den 1. oktober 1908. Sokneprest Brage Høyem, den vellærde og gode mann, hadde og rådt far til å la meg gå skulevegen.
Møre, 9. november 1972.