Erdal røvegard

Ein mann frå Søndmørsposten var igår med kjøpmann T Berset i Barstadvika og såg på røvegarden der som hr. Berset eig ein part i ilag med gardbrukar Ola Erdal. Det var med fleire born og vaksne, som hadde hug til å sjå røvegarden.

Ferda var rett hyggjeleg, gjeng frå at det reignde noko. I Erdal vart gjestane fagna på beste måte. Og so bar det ut til røvane. Fyrst til fjøset der ungane var samla i tvo stikkar med netting fyre skilde etter alderen.

Ola hadde med seg mat til dei, friskt avfall frå eit slakt. Og det vart vel ein sjau. Ein fekk det beste prov på kva magt kampen for tilveret hev i naturen, endå der skulde vera meir enn nok til kvar. Smårøvane slost, sleit i kjøtet, drog kvar til sin kant og heldt eit fælt ståk. Og borna log. Då kvar unge hadde fått metten sin hadde han endda noko att som han freista grava ned i stekkjen.

Desse årsungane var no um lag halvvaksne. Det var svert lette fine dyr, med vakker svart pels og ein kvit haletipp.

Frå fjøset gjekk det til sjølve røvegarden som ligg i ein bakke nær attmed husa. Der fekk ein sjå dei vaksne dyra, som no ikkje nett var i finaste laget, då dei heldt på og rak vinterpelsen. Dei var tyde og lette å koma nær, reint folkevane, morosame til å leika seg. Det skal vera eit røvegjerde til kvart par, gjerde hev to deilder, so ein kann skilja mellom han og ho, når det trengst.

Me bad hr. Ola Erdal fortelja soga åt røvegarden. – Me gjekk i gang med garden hausten 1916, då me kjøpte tvo kanadiske bitzrøvar hjå Mons Kleiven i Ytredal. Kjøpmann Berset eig ein tridjepart i garden og eg resten. Dei tre fyrste åra hadde me berre sorg og sut av røvane. Eg brukte dei vanlege måtane for røveal her i landet, slik som eg var synt dei, men dei førde ikkje fram. Dette var læreår for meg, eg gjorde røynslor og kom til ein røveals-måte som ogso fleire alsfolk i Amerika brukar, og sidan hev det gått bra.

I 1919 kjøpte me ei røvetispe til, i 1920 eit par og siste haust tvo tispor. Alle desse dyra er registrera Prins Edvard Island røvar. Det er den aller finaste kanadiske sylvrøven som når høgste pris på marknaden.

Ifjor fekk me 8 røveungar, og i år 15. At det no gjeng so godt skriv seg derifrå at eg brukar ein god alsmåte, annleis enn dei fleste brukar her i landet.

Um denne måten kann eg nemna; Garden ligg på ein open plass nær husa, so folk og dyr jamt ser kvarandre året rundt. I yngletida tek eg rakken frå tispa. Dei siste 14 dagane før tispa ungar, og so lenge ho hev ungane hjå seg i huset – um lag i 4 vikor – gjeng eg inn i huset og kjeler for dyret og gjev det mat inne. Dyret vert då spakare, og der er mindre fåre for at det misser ungane. Til døme på dette kann eg nemna: I haust kjøpte eg tvo tispor frå ein stor velkjend og veldriven røvegard. Der hadde dei havt dyra i tvo år, men ingen ungar fått. Dei brukte no å drepa tispone, endå det var av aller finaste alsdyr. Eg tykte dei var for god til slagt og kjøpte dei for skinnprisen. I vår hev eg fått 12 ungar frå desse dyra – alle er no halvvaksne.

Til for brukar eg fiske- og kjøtavfall og graut og brød av ymse mjølslag. I yngletida fær tispone det beste eg kann ha i dei, egg, ferskt kalvekjøt o.m., so ungane kann verta store og sterke og få mykje mjølk.

Kor mange røvegjerde hev du? – No hev eg 6, men det er tanken å få det til det dubbelte til hausten. Husa er gravne inn i bakken og likjest mykje dei gamle potetkjellarane, er turre og lune. Heile huset er av stein, gjeng frå golv, dør og ynglekasse.

Eit røvegjerde er 13 meter langt og 9 meter breidt. Stolpane er av galvanisera jarnrøyr um lag 2,7 meter høge. Til gard brukar eg vanleg røvegardsnetting, nedst av tråd nr. 15,og lenger uppe tråd nr. 17, alt med tvo tums mauskar.

Um nokon vil freista seg med røveal, bør han helst sjølv sjå røvegarden. Der er springvatn og elektrisk ljos i garden. Det siste berga i vinter fleira ungar.

Eg brukar ikkje skog inne i garden. Det er best at sola fær nå til mest råd er. Då trivst dyra best. Ifjor bytte eg eit dyr med direktør Holst i Kristiania. Han selde det sidan til Elverom for 4000 kr.

Eg hev heile tida fylgt med i det amerikanske fagskriftet for sylvrøvavl «Black Fox Magazin» og havt mykje gagn av det. Til slutt vil eg nemna med takksemd kjøpmann T. Berset, sa hr. Erdal. Han hadde tru på røvealen og vågde pengar i den fyrste vande tid.

Søndmørposten, 8. juni 1922.