Frå gamle dagar. Av Hans O. Vartdal

Søndmørsposten hev eg visst lese frå han var «fødd» og til no, so det er rimelegt at eg skriv litt um gamle dagar, som dei no bed meg um.

– Du kjem i hug fyrste norskdomsstriden her? Du livde med i riksrettstida?, skriv bladet til meg. Ja det skulde eg meina. Um riksretten hev det vore skrive so mykje, at eg ikkje kann koma med noko sers nytt. Derimot kann det hende eg kjem i hug eit og anna um norskdomsstriden – målstriden – som ikkje er kjendt før.

Då eg kom inn på Den høiere almueskole i Volda, fekk eg til lærebok ei dansk grammatik, skriva og prenta i Danmark av danskar. Då eg gjekk ut av skulen, fekk eg det som vitnemål: «Meget godt» i norsk. Kann nokon fortelja, korleis det skulde ha seg?

Ein gong søkte eg eit reisestipend og bad difor ein vyrd ven um ein attest. Noko etter var eg med og skipa ein målring. Då skreiv same vyrde mann um meg i ei avis: «En oratorisk ordfører, hvis fornemste egenskab er frasen». Eg spurde han då: Korleis kunde du gi meg ein so grum attest, når eg er slik ei blære? – Eg er so sint på dette målstrævet, sa han.

Då eg var øvingslærar i i Volda, sa gamle presten til meg: Du må bruge bondemålet bare som kommentar!

I gamle dagar måtte landsfolk, som hadde noko å vende, gå i kring å bjo sine varor på kjøkkena. Då hende det ofte, at du fekk ei målpreike av frua eller den siviliserte kjøkkengjenta t.d. du må da sige vand og ikke vatn o.s.fr.

Fyrste gong eg fylgde far til Ålesund, trefte me ei gamall kjering i gata med ein kaffekjel balla i ei flugse: Skal dykk kjøpe? Nøgda sirupp i og berre 2 skilling koppen. Koppen var no ikkje sers rein, men far kjøpte, og eg smakte.

Tvi! sputta eg langt burt over gata, dette er no berre skitvatn! Det var fyrste gongen eg såg og smakte kaffe. Byen heldt då nettupp på å kom upp, og både eg og far var svert imponerte. Då far trefte ein mann som han prata med, høyrde eg korleis han sa: Dei seie Guds gjerning er ubegripelig, men no trur eg det er mest so med dei menneskeleg gjerninga og. So lite skulde til den gongen.

So tilslut ei lita tobakshistorie frå gamle daga, nyttug for klok ungdom og eit minne som eg er skuldug min skulekamerat, fabrikeigar O Teigene. Han gjorde ei god gjerning utan å vite det. O Teigene og eg – han 18, eg 16 år – reiste i lag til skulen og budde i lag 1 1/2 år. Han røykte, eg ikkje. Men so for forfengeligheita i meg: Du må då røykja likesom andre kjekke gutar, sa eg til meg sjølv. So kjøpte eg 1/4 pakke «Petrine» – den beste tobak under solen og ei kritpipe for 2 skilling.

At eg vart dødssjuk fyrste kvelden, veit mange som hev prøvt sovore. Men dagen etter tok Teigene kritpipa og braut ho midt av! Ho er for lang! So eg kasta molane vekk og selde tobakken. So rekna eg ut, at det vilde trengast 1 skilling dag til tobak og 1 skilling vika til fyrstikka – 7 skilling vika. Det la eg til side og sette i banken i staden for å brenne dei upp. Då eg gifta meg kjøpte eg for desse pengane livstrygdingspolise, og då eg var ikring 60 år, fekk eg utbetalt 913 kr.

Desse pengane hadde eg O Teigene å takka for, og eg vonar at vitug ungdom vil forstå at desse pengane vart til større nytte enn å bruka dei til å tyna helsa og svina til hus og heim med røyk og sputt.

Søndmørsposten, 30. november 1922.