Folk frå fortida – Ola Hansson Sørevartdal

Ola Hansson Sørevartdal (1818-1902) var leiglending på eit av bruka i Sørevartdal, det var Hareid kyrkjebol som eigde bruket som i dei dagar vart kalla Olagarden. Økonomisk stod han Ola seg godt, i 1864 var han ein av dei som betalt mest i skatt av bøndene på Vartdalsstranda. År 1875 fora dei på garden 1 hest, 11 kyr og 6 ungdyr, 12 sauer og 11 geiter. Ein merkar seg at han hadde geiter, mange i bygda hadde avslutta geithaldet ved den tid.

Ola var gift 1844 med Marte Ivarsdotter Årskog frå Ivagarden der. Seks born voks opp i heimen deira. Jentene Marie og Johanne var eldst og yngst i syskenflokken, dei var gift med kvar sin bror i Berngarden på Årset. Marie vart gardkone i Berngarden, Johanne enda sine dagar i Nord-Amerika. Systera Ragnhild vart gift til Pettergarden Buset, medan bror hennar, Ivar, var lærar i Nord-Norge og i Ørskog, han levde ugift. I 1878-79 vart eigedomen Olagarden delt og to av sønene hans Ola, brørne Hans og Hallvard, fekk kvar sin halvpart av kyrkjebolet. Ola dreiv parten hans Hans fram til etter 1890.