Vartdal formannskap um Grønlandsspursmålet og heitvinsforbodet

Vartdal formannskap hadde møte laurdag (for skuld fiskja er det uråd å samla heradstyret). – Formannskapet vedtok då desse fyreteljingane: Formannskapet i Vartdal bed statsmagtene ikkje å godkjenna nokor dansk overhøgd over Grønland som meinkar dei gamle rettane våre der. Spursmålet er av stor vegt for bygdene våre.

Forrmannskapet i Vartdal bed tingmennene frå fylket ikkje å røyva heitvinsforbodet, men tak heller ikkje folkeavrøysting iår.

Søndmørsposten, 26. februar 1923.