Alle gardbrukarar dreiv fiske. Vegna fekk ein ikkje ferdig i butikkane, ein måtte kjøpe tråd og binde garna sjølve. Etter at kornet og potetene var komne i hus var det ei heil vinne med å få alt i stand til torskefisket tok til. I tida frå hausten og utover vinteren var det ei travel tid på alle gardar. Alle karane var opptekne med førebuingane av ymse slag , og det var i dei dagar folk som batt eit heilt torskegarn om dagen. Då var det ikkje nokon 6-timarsdag. Torskegarnsendane lag ein og sjølve. Dei kjøpte hamp, spann den til tråd, og tidleg om morgonane var ein i fullt arbeid ute på markane med legging av endane. Kvar mann måtte halde omlag 20 famner endegarnsstykke.
I slutten av januar samlast so heile båtlaget for å slå endestykka saman, kuletrælane og det andre utstyret vart gjort i stand, og dermed var fyrste akt av førebuingane slutt.
Omkring kyndelsmess samlast ein for å sette møringen på sjøen. Denne sjøsettinga var noko som alle smågutane rundt omkring på gardane såg fram til med spaning og interesse. Det fylgde alltid stor stas med dette arbeidet. Når båten var komen om lag halvvegs i støa gjorde ein kvild. Nygla skulde setjast i, og dette var det berre høvedsmannen som var dugande til. Medan alle dei andre sat rundt omkring og såg på, sette han nygla godt fast, og som oftast måtte det ei retteleg stor Langaards-skrå til for at det skulde verte skikkeleg. Då sat den så mykje betre.
Gamlekarane hadde også ymse merke på gode og dårlege fiskeår. Soleis var det eit gamalt merke om det var mykje eller lite røyr i vatna. Eit døme frå Gurskedalen. Medan dei nede ved sjøen heldt på å setje møringen på sjøen kom ein gamal mann frå dalen nedover. «Berre ikkje fløt meir, karar, for det vert ikkje torskefiske i år. Det er heilt fritt for røyr i vatna.» Karane berre bles åt slik tale, og sette båten på sjøen som vanleg, og gav ikkje ans på det gamlemannen hadde sagt. Men kor det no hadde seg eller ikkje, det vart svært dårleg fiske det året, ikkje meir enn at kvar mann bar lòten heim på ryggen.
Etter at møringen var komen på sjøen måtte ein gjere eit vende med utstyr til fiskeværet. Dei tok med seg alt dei trong for fisket, alt dei hadde bruk for både på land og sjø. Det var sengklær, halm til sengane og ved. Og ei kiste full av mat. Når ein drog på slike turar ruva lasten langt over ripane på båe sidor. Det fyrste ein gjorde når ein kom fram var å få kokken på land, dinæst halmen, køykleda og så matkista. Kokken fekk ordre om å slå ein graut fyrst, så karane kunne få seg mat før dei tok til med arbeidet. Det siste ein gjorde om kvelden var å legge møringen ut.
Som vanleg hadde ein store rom til bruk. Ofte var det plass til to båtlag. Langs veggane var det køyer i fleire høgder. Kokken hadde alltid køya si i kråa ved omnen. Midt i romet var det eit langbord med benker på båe sidor. Under køyane sto sko, styvlar, matkista og anna utstyr.
Alle saman vart til stades under måltida. Det fylgde alltid høgtid med bordsetjinga. Gamlekarane gav seg tid, den som vart fyrst ferdig venta til alle hadde gjort frå seg. Etterpå la ein saman hendene og takka Gud for maten. Etter måltidet var det nok å gjere med vegna, gjere handnøret i stand, klippe blekksildar og ut å prøve rykken om torsken var komen.
Møringane var som vanleg 27 alen lang, og lasta omkring 2000 torsk. Dei hadde to mastre og 4 par årar som var tunge og store. Det var som oftast ein mann på kvar. Mannskapet talde 7–8, og det var organisert slik at kvar mann hadde sin faste plass. I uver sat høvedsmannen ved roret, og ein mann hadde fast plass ved pumpa. Dei andre hadde sine faste plassar med segla og linene, og kvar mann visste kva han skulde gjere i alle situasjonar. I stor sjø var det stridaste jobben å sitje ved pumpa. Ofte stod sjøen over heile båten, og det måtte ein mann omframt til for å ause, og halde båten lens. For unggutane såg det ut som den siste timen var komen, men for dei vande og røynde fiskarane var dette daglegdagse ting. Møringen var ein dugande siglar med god fart. I frisk bris vilde dei fleste av motorbåtane no verte akterutseilt.
Før fisket retteleg tok til prøvde ein fyrst med rykken. Og slo det til, var ein alt dagen etter ute med garna. Garn var det mest vanlege, men på slutten av fisket brukte ein og line. Sume hadde rett nok berre snøre under heile fisket – det var helst fjordakarane – men dei hadde ofte like stor netto som garnkarane. Ein brukte to garnsetningar, med 20–30 garn i kvar. Rullen hadde ein på skandekket og 2 mann drog. Det var ein hard jobb, ein måtte ta spenntak i bordinga og drage kvar sin gong. Det skulde ei viss øving i dette. Ein måtte drag utan å bøye ryggen. Gjorde ein det, var ein ferdig med ein gong. I gode fiskeår fekk ein opptil 7–800 torsk for dagem, men jamvel om ei fekk berre 2–300 var det bra. I gode torskeår vart det fiska opptil 5 millionar torsk på sunnmørshavet.
Roren til og frå fiskefeltet var tung og slitsam. Trøytt og sliten kom ein til lands, ikkje for å kvile, men for å gå til eit nytt arbeid, saltinga av fisken. Dette tok lang tid, fyrst ved 12–1 tida om natta var ein ferdig og då stupte ein heilt utkøyrd i køya. Gamlekarane tok seg ein kraftig sjørøyk før dei la seg til, men dei miste ikkje svevnen for tobakken si skuld. Ein var trøytt alt i gjenom og sovna med ein gong.
Om morgonen var det tidleg opp. Klokka 4 sette ein seg til årane. Heile båten var stundom nedsnøa og og vottane var frosne og harde som bein. Det var ikkje so fyse å ta ut i beksvarte, kalde vinternatta. Men ein visste råd, vottane tinte ein i sjøen, og så sette ein seg til årane og avstad til fiskefeltet. Maten var så ymse. Det mest vanlege var potetkake eller skive av grått mjøl. Vatnet hadde ein i ein kagge ombord, men ofte var det ikkje dråpen å få av den. Vatnet var botnfrose og då var det ikkje så greitt.
Det var eithardt og krevjande liv å drive torskefiska i åpen båt. Serleg for ungdomen som trong meir svevn og kvile enn dei gamle. Men som det heiter, hugen drog halve lasset. Dei såg fram til fisket med lyst og glede, det var mannsarbeid, det var sport og eventyr. Som oftast hadde ein meir landlege for uveret si skuld enn no. Men tru ikkje ein lata seg. Ein hadde fullt opp å gjere likevel. Både unge og eldre var opptekne med å lage ymse turvande ting til heimen. Sume laga trelappar, andre treauser, tvore, og mange andre nyttige ting. Mange av dei var reine meistrar i å lage vakre velskapte saker. Når ein så kom heim laurdagane var det stor stas. Kone og born såg med spaning burt på skrinet. Skal tru kva karane har laga denne vika.
Alle salta fisken sjølv. 14 dagar etter fisket var slutt var den saltmogen, då vog dei fangsten og delte den mellom karane. Kvar mann tilvirka den sjølv, til eksportvare, det lønte seg alltid betre enn å selje i fersk stand.
Samstundes med torskefisket med møringane vart det og dreve linefiske med dampar og skøyter på Mebotn. Dampane hadde egnarar i land, og låg i byen om natta. Dei måtte dra tidleg avgarde for å finne att vegna. Kvar damp hadde 4 dorryar.
Skøytene drog ut på feltet måndagane og egna linene under turen. Dei fann seg høvelege ankerplassar og dreiv fisket med 2-4 dorryar. To goner om vika fekk dei levert ferskt agna frå byen. Det var Fladmarks «Basken» som då vitja alle skøytene. «Ligagrane» som dei og vart kalla, låg ute på feltet til laurdag eller natt til sundag og kom so inn med fleire tusen usløgd torsk i romet. Ein kan tenkje seg korleis kvaliteten vart.
Noko slags oppsyn var det ikkje. Båtane måtte tidleg ut og leite etter linene sine. Det var ofte ein einaste vase og det var eit lukketreff om ein råka bort på ei einstaka line. Under slike høve vart ikkje striden avgjord med berre ord. Det kom ofte til fektningar, og årane var gode å ty til. Men noko slags fiendskap var det aldri tale om. Striden vart snart gløymd. Ofte dreiv ein over linefeltet med anker, og ein kan lette tenkje seg korleis det så ut etterpå. Når det var uver gjekk det ofte villt for seg. Det var å hive opp alt ein orka, og skjere reint varpet for fisk og anna. Men så snart veret ga seg, var det ut att. Og ein var ikkje så nøyen på om det var si eiga vegn ein drog, berre ein drog noko.
Ein far som skulde overlate båten til son sin, gav sonen eit godt råd på kjøpet. «Viss du vil vere fiskjemann her ute, so vil eg seie deg ein ting, Hans, som du framfor alt må huske: at det gjeld å setje minst muleg og dra mest muleg.»
Sunnmørsposten, 5. september 1942. Ved Tonna, basert på eit foredrag Jakob J. Sætre heldt på årsmøtet til Sunnmøre Fiskarlag.