Røvegarden i Erdal

Ola Erdal hev ogso iår vore heppen med røvegarden sin, med di han no i vår hev fått 15 unger, og det av dei finaste kanadiske pelsrøvane som til denne tid er komne hit til landet. Kjøpmann T. Berset eig ein part i røvegarden.

Søndmørsposten, 22. mai 1922.

Røvegarden i Erdal

I røvegarden i Erdal hev dei i vår fått 22 ungar, alle i live.

Søndmørsposten, 8. mai 1923.