Eli Vartdal (1893-1974) var frå Fremste Toregarden i Nørevartdal. Han var den einaste sonen til Ivar Andreas og Karen. Begge foreldra kjende sterkt på den kristne bodskapen, og fann namnet på sonen i Kongebøkene av Det gamle testamentet. Den sentrale figuren/karakteren her er profeten Eli som levde i Nord-Israel, meir enn 2800 år før han Tore-Eli. (Så må det nemnast at ein i dagens bibelutgåver må leite etter Elia, då vår tids teologar vektlegg det hebraiske ved figurane i Bibelen.)
Hausten/vinteren 1918/19 var Eli og fleire andre ombord i ein fiskebåt på heimferd frå fiskefeltet til Vartdal, sterkt prega av spanskesykja. Våren 1919 var han ein av dei som kosta motorbåten Isflåmann, som dei dreiv vintersfiske og eggafiske med i det neste tiåret. I 1920 var Eli formann i ungdomslaget i Nøre-Vartdal. Frå 1929 var han ein av fire karar i fatigstyret i Vartdal kommune, også i 1937/38 medlem i fatigstyret. År 1932 vart han vald til medlem i skogrådet, Anders Erdal den andre. Han var visstnok med i skogrådet i fleire tiår, også som formann. Eli var ikkje av dei brøytte seg fram, han hadde heller ei varsam og stillsleg framferd.
Seinhaustes 1924 gifta Eli seg med Paula Vartdal frå garden Bakken. Det neste tiåret vart dei foreldre til Kjellaug, Ivar, Halldis [Larsen] og Møyfrid [Wisth]]. Ivar tok over farsgarden, Kjellaug og Halldis budde i Ålesund kommune, Møyfrid på Byåsen i Trondheim. Lagnaden ordna det slik at alle fire syskena døydde i tida 2018-21.