Folk frå fortida – Sivert Eriksson Sætre

Sivert Eriksson Sætre (1842-1909) var med å drive farsgarden frå før 1865. I 1869 tok han over halve farsgarden Pegarden på Sætre, den yngre broren Hans tok over hi holva. Same året gifta Syver seg med Jettine Guttormsdotter Myklebust frå Guttormegarden. Ekteskapet vart barnlaust. I 1875 tente systera Madsi Eriksdotter i Syvergarden, også «Leigdslem» Berte Ellingsdotter budde der under folketeljinga i desember. I 1891 tente Ingeborg, systerdottera hennar Jettine, ekteparet i Syvergarden. Meir folksamt var det i Syvergarden i 1900. Omframt tenestejenta Ingeborg A Ødegård, budde snikkaren Guttorm O Myklebust og to arbeidsskule-elvar frå Sykkylven i garden, Ingeborg, eller skuleelevane for den del, kan mykje vel ha hatt nattelosji på fjøshjellen. Skattelikninga for 1907 syner at ingen i heradet vart skatta for høgre formue enn Syver, kroner 9000.

Syver skøytte i 1903 garden over på Paul R Sætre, systersonen hennar Jettine. Svigerinna hans Syver, Ragnhild E Sætre, laga så mykje styr at Paul flytta frå Syvergarden til Rishaugen året etter. Han gjorde rett, bestefar din, som flytta frå Pegarden til Rishaugen, utbraut han Grønnevet-Leiv, ein haustdag i 1975, då han og underskrivne dreiv og pussa opp fabrikken på reketrålaren «Arctic». Og det utan at emnet i det heile hadde vore omsnakka.