Vartdalsstrandens formandskab heldt møte den 23de november – og meinte, at når 100 kg hævre heve vore å få for umkring 8 kr., som måtte 4 kr. vere nok for 1 hl., der vege pålag 48 kg.
Same dag herradstyremøte. Då vart vald til rodeforstandara for 1896–99: Rasmus Festøy, Edvard Melbø, Laurits Masdal, Peder J. Nørevartdal, Mads Aarseth, Johannes R. Buset og Petter Remen.
Herradsstyret trudde, at vedtægter for værneskog kanhænde var godt; men då det ikkje kjende til, korles disse vedtægter skulde vere, um dei kanskje greip vel hardt inn privat mands rett yver skog og beite, torde ikkje heradsstyret uttale noket vist.
H. Vartdal vart vald til å vera med i amtsskattekommissionen, um det trængdest.
Søndmørsposten, 19. desember 1895.