Olav Myklebust (1869-1912) var frå Toregarden Myklebust. Etter å ha gått skule i Volda, reiste han til seminaret på Stord og tok eksamen der i 1889, samstundes med sambygdingen Rasmus Aarset. Frå april 1890 var Myklebust vikarlærar i Moss, i tillegg var han organist i Rygge kyrkje. Sidan fekk han lærarstilling i Valdres, skulte og var organist i Vestre Slidre og kyrkjesongar i bygda Røn. Ut på hausten 1896 tok han til som lærar for Barstadvika og Bukta. Her underviste han til han døydde.
Alt i Valdres markerte han seg som forkjempar for partiet Venstre. I eit innlegg i Søndmørsposten i 1905 vart han karakterisert som «ein av dei raudaste Vinstre-menn og rakaste Maalmenn», men endå røysta han for kongedøme. Frå 1900 til 1902 formann i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, på ny formann 1906 til han sa frå seg i 1909. «Han åtte ei særeiga evne til å inspirere andre i både skulen og i kulturarbeidet.» Han la vekt på at både sjel og kropp måtte røktast, meinte at kvar bygd måtte få badstove. I 1907 fekk han prenta ein lang artikkel om skulehage på fyrstesida i Smp. Han er elles opphavet til namnet Samhald på samlingshuset i Barstadvika.
Gjennom åra heldt Myklebust mange fordrag og var ein etterspurd talar. «Etterpå tala Olav Myklebust um nærpå alt millum himmel og jord. Talen var rik på både vit og løgje, og folk klappa som dei var galne» (Møre, 2. juli 1910). Frå seinast 1903 var han agent for livsforsikringsselskapet Idun. I desember 1910 vart han vald til ny ordførar i Vartdal, døydde allereie to år seinare.
Olav Myklebust var gift 1898 med Ragnhild Pålsdotter Melbø, jordajente til Endregarden der. Ni born voks opp i heimen deira. Av desse busette Solveig [Barstad], Borghild [Volle], Oddlaug [Barstad], Paal Myklebust og Ragnhild [Volle] seg i Barstadvika. Odd, bror deira, døydde berre 21 år gammal.