Brev frå Ragna til systera Petra P Sætre, 1.8.1945.

Tomra i R. den 1. august 1945.

Kjære Petra! Fredag for ei vike sia skulle kronprins Olav koma i fly til Molde. Ein nordlandsbåt som ligg her skulle dit ein tur, og så fekk alle som ville vera med. Margit og eg reiste, for arbeidarane på fabrikken fekk fri.

Da vi kom til Molde, var mykje folk samla. Vi stilte oss opp på fortauet, og straks etter kom to fly og landa på sjøen. Kronprinsen steig i land, og fleire av Moldes fremste menn helsa han velkomen. Deretter køyrde han i bil gjennom gatene, og folk hylla han. Margrete her ute fekk eit stort vonbrot, for bilen køyrde forbi utan at ho vart merksam på kven som var kronprinsen. Lite fekk vi og sjå av han, for da han køyrde forbi snudde han seg og vinka til dei på andre fortauet. Det var berre så mykje vi såg at det var han.

Men det var ein strålande tur, fint solskin og stilt på sjøen, og vi var alle glade for at vi tok ut.

Helsing

Ragna