Med 1926-åringane vert det her sikta til borna som vart fødde i Vartdal herad i året 1926, samt dei personane fødde andre stader same året som vart vartdalingar, gjennom eigne eller andre sine val.
DEI INNFØDDE
Sverre Volle, Peter E Vartdal, Kåre H Vartdal, Ivar Hovde, Jan J Vartdal, Margit Vartdal (Woldsund), Halldis (Myklebust) Olsvik, Jartrud Vartdal, Anny Barstad (Vartdal), Sigmund Rekkedal.
DEI INNFLYTTE
Ingebjørg (Opsal) Masdal kom frå Ørsta, ho var faktisk døypt i Vartdal-kyrkja. Nils Gamlem kom frå Hareid, Lidveig (Roppen) Ødegård og Hallbjørg (Ulstein) Vartdal var begge frå Ulstein, Norleiv Rødseth var frå Sande, Johanne (Takseth) Roth og Lydia (Koppen) Volle, begge frå Syvde. Alma (Myklebust) Sætre var frå Jølster i Sunnfjord og Malfred Ommundsen kom frå Stavanger.
DEI UTFLYTTE
Arne P Sætre, Gunnar Melbø, Erna Sætre budde i byen Ålesund, Peder Buset flytta til Borgund kommune. Liv Sætre (Velle) vart ørsting, Gunnlaug Sætre (Hjelle) budde i Sykkylven og Gislaug Myklebust (Giske) i Giske. Målfrid Volle (Sætrenes) var busett i Fræna i Romsdal og Einar Erdal i Kvam i Hordaland. Kjell Vartdal, som har runda 100 år, bur i Skedsmo i Akershus. Også Gislaug Giske lever i juni 2026.