Ungdomshuset i Barstadvik

Det hev ofte vore klaga på at ungdomshusa er so lite stilfulle både ute og inne. Ute er dei antan «kollute» eller hev «skavankar» på andre måtar. Inne er dei grå og fattige.

I dei seinare åra hev det vore gjort mykje godt arbeid for å koma burt frå dette; men enno vantar mykje. Det kann kanskje gå heller lett når det gjeld bygningsstilen på ungdomshus; men verre er det med denne indre prydnaden. Her er ungdomshuset i Barstadvik eit gildt undantak.

Kunstmålar J. Haddal hev vore der no sidan i vår, og han hev gjort eit framifrå arbeid. Han er ein meister i gamal, god, norsk rosemåling. Det er ein fest å sjå kor rein og friske fargar han brukar og kor formfullt og fint linone slynger seg. – Det var ikkje å undrast over at festlyden bisna og ein kom i «godt huglag» av å sjå slikt.

Det slo meg med ein gong, at her hev me mannen, som kann pryda ungdomshusa på Sunnmøre. Eg torer trygt segja, at ungdomshuset er eit av dei fagrast prydde ungdomshus som me hev på lang leid.

Det er Ola Erdal, songlaget og ungdomslaget som hev kosta prydnaden, men alle var samde um at Haddal hadde gjort det for ein svært rimeleg pris.

R. Buset i Sunnmørsposten, 21. juli 1927.