Sivert Engeset – Av Olav Myklebust

Det er no eit år, sidan denne dugande læraren døydde, – berre 33 år gamall. Altso ein mann i sine aller beste år. Der hev stade mange gode ord um honom i ymse andre blad, so det kann på ein måte vere lite turvande å skriva meir, men sant å segja kjem eg honom so ofte ihug, at eg lyt få rom i «N. Skoletidende» til nokre få ord um honom: Skulen og ungdomsarbeidet miste i Engeset ein seig og traust kar. Han tok sterkt i, so det synte seg der han gjekk. Dette – saman med ei veik helsa – var det vel som gjorde, at han so tidleg laut leggja seg til å døy frå alt, han hadde kjært: arbeidet, ei gild og trufast kona og 6 små fagre born, som han sjølvsagt gjerne vilde liva for og hjelpa fram. Men lagnaden hans var ikkje so.

Lærar Sivert E. Engeset er fødd i Volden på Sunnmør 1871. Der råka eg honom fyrste gongen. Me gjekk ilag på den «høiere almuskole», som den tid var styrd av den kjende målmannen Per Riste. Han var det nok, som gjorde Engeset til heilhuga målmann, so han laut bruka alle høve til å arbeida for landsmålet heilt til dei 2-3 siste dagarne han livde. På skularne bruka han helst tvo stilebøker, ei han kalla norsk stilebok og ei dansk stilebog. I den fyrste skreiv han berre landsmål, i den siste berre dansk eller rigsmål. So for han til millomskulen i Bergen, tok eksamen der og reiste so til seminariet på Stordøy. Derifrå gjekk han ut i 92 med ekstra fin eksamen.

Sin fyrste faste post hadde han i Tinn i Telemark, so vidt eg veit. Der fann han kona si, ei hjartevarm og finlagd kvinna, som no åleine lyt uppseda dei 6 småborni deira, – ei tung, men herleg uppgåva. Gud gjeve henne gleda og signing av dette arbeidet!

I 1893 vart so Engeset utkåra til lærar i Årsetdalen, Vartdalstrandens herad, Sunnmør. Her sleit han trutt og trått i 8 år, men fekk ikkje annan takk for sitt dugande arbeid enn kulde og forfylgjing. Dette er den gamle, men altid nye visa. Ein som vil noko og kann noko, han må mistenkjast og tynast. Dei små vanlege kvardagsmenneskjer skynar det ikkje betre, og dei meir upplyste er tidt ovundsjuke og rædde slike folk og toler deim ikkje ved si sida. Engeset gjekk sine eigne vegar og brydde seg svært lite um, kva Per og Pål sa eller tenkte um honom. Dette var nok den sterke sida i huglyndet hans, men på ein måte ogso den veike. Slike folk, som helst gjeng i rette linjor beint fram, og som ser lenger enn andre, kann tidt verta hensynslause, kalde og tilknappa. Dei skynar ikkje, at den medkjensla og samhug, dei hev rett til, kann dei ikkje få, avdi mengdi av folket vantar evna – ikkje vilje – til å fylgja deim ut på vegar og vidder, der berre ein og annan færdast. No gjekk ikkje E. altid dei gamle upptrakka vegar, trudde han tidt dei ikkje vilde, og han kunne difor av og til verta kald og mistruen. Soleis gjekk det vel til, at han vart gangande noko åleine, og det hadde han ikkje godt av.

Til lærar var han yverlag flink. Det såg alle. Men ikkje alle takka honom for godt arbeid. Borni hans var stødt dei beste på avgangsprøva. Ikkje pugg og fyrverkeri, nei sunne, solide kunnskapar, so ein laut undra seg, korleis han kunde nå so langt. Spurde du han, korleis han fekk et til, svara han berre: «Det gjeng for arbeid». Og det er sandt. Med trottugt arbeid kann ein nå langt. Men attåt sterk arbeidshug hadde E. eit sers godt lag med borni. Dei såg upp til honom med vyrdnad og age. Og dei heldt av honom med, endå det for andre såg ut som han var kald og barsk mot deim. I røyndi var nok ikkje dette so.

I dei siste åri han arbeidde her på Vartdalstrandi, hadde han tidt mykje å stå i. Han dreiv ein ungdomsskule umframt folkeskulen, var eit år formann i skulestyret og styrde Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Her var meir enn nok av arbeid. Men han klart det godt. Ingen kann med sanning segja, at folkeskulen leid eller vart sett tilsides. Tvertimot, det gjekk betre og betre der alt etter som åri gjekk. På ungdomsskulen var han i sitt rette lag. Der nådde han ogso lengst. Fyredragi hans var reint framifrå, iser dei historiske. Men kor det no var eller ikkje var, samhugen og studnaden frå deim, som var sjølvskrivne til å hjelpa skulen fram, vart burte, og ungdomsskulen på Vartdal vart ei brosti von for Engeset.

So fekk han post i Skien. I eit brev ei tid etter han hadde teke imot posten, skreiv han, at det gjorde honom so vondt, at han ikkje kunde greida disiplinen so godt, som han var van med frå landsskulen. Men lærarane, inspektøren og dei andre, som hadde med skulen å gjera, var so gilde og hjelpsame, at det skulde nok gå likevæl, trudde han. Men han fekk tæring og laut slutta. Han hadde vel teke for sterkt i, vil eg tru. Elles so høvde han kanskje ikkje so godt til bylærar. Med huslyden sin flytte han so til Telemark og vilde liva der dei vikorne han hadde att. Han tok lagnaden sin med ro og var vel fornøgd med å døy. At han heldt målskule for ungdomen der uppe til sin døyande dag, var so likt han. Norsk var han frå topp til tå, og landsmålet hadde han huglagt av heile sitt hjarta. Han var so viss på, at det eingong vilde vinna fram til den plass, det frå gamalt hadde retten til. Um landet vårt hadde han store tankar, og fædrelandskjærleiken gjekk som ein raud tråd gjenom alt hans arbeid. Og so skal det vera. Det nye Norig treng mange slike lærarar.

Or Norsk skoletidende, nr. 33/1905.