Vekkreist frå Vartdal – Jakobine Nystad


Jakobine Nystad (1884-1958) var frå garden Erdal. Ho tok i 1904 eksamen ved lærarskulen i Volda. Då ho vinteren 1905 fekk «lærarindeposten» i krinsane Jordbru og Kosmo i Valnesfjord i Nordland, vert det opplyst at ho hadde vore tilsett ved «fortsættelseskolen» i Vartdalstranden, kva no det viser til. I Valnesfjord stifta ho barnelaget Framsteg. År 1914 gifte ho seg med med anleggsarbeidar, vegoppsynsmann Isak Nystad i Valnesfjord. Fram til 1925 vart Jakobine mor til Gunvor, Bergljot, Aasta og Arnfinn. I 1922 sa ho opp lærarstillinga. Jakobine var med i soknerådet i Valnesfjord, og i 1931 vart ho vald inn i heradsstyret for partiet Venstre. Ho vart då den fyrste kvinna med sete i Valnesfjord heradsstyre.

Jakobine Erdal i 1909. Foto: Johannes Sponland.