Stutt ti-årsmelding (UL Bard)

Med årsskiftet 1914–15 umlag er ungdomslaget «Bard» i Barstadvik, Sunnmøre, tiårsgammalt. I det høve hadde me tiårsgilde i joli.

Det var den 12. november 1904 at laget vart skipa. Formannen var Hans Erdal, varaform. Bertel Rot. Frå fyrst av var laget ikkje innmeldt i noko landslag; men seinare vart det innmeldt i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og dermed i Norigs ungdomslag. Laget hev sikkert gjort mykje godt for folket og serleg ungdomen i bygdi. Serleg er det ein ting eg hev merkt meg som er gildt, og det er at mange av dei eldre er ofte med på møti i laget. Og det er all æra verd at ungdomslagi arbeider soleis at dei eldre og hyggjer seg på møti deira og gjerne vil vera med. Der hev i desse ti åri vore halde yver 100 møte og 20 festar.

Lage hev vore heppe med det at prestarne me hev havt i bygdi hev havt mykje samhug med ungdomen og ungdomsrørsla. Det er Harald Devold og Brage Høyem som hev vori prestar desse åri, og dei hev halde mange foredrag i laget. I år fòr Høyem frå oss, til Tingvold på Nordmøre. Og no er det vår von at me i staden få ein ny prest som ogso vil hjelpa ungdomen i laget. Men den som vel hev gjort mest for ungdomen og ungdomslaget her i bygdi er lærar Olav Myklebust, som døydde i 1912. Han var dessutan godt kjend vide utyver landet. I fleire år var han og formann i Sunnmøre frilynde ungdomslag. Olav Myklebust hev sett djupe merke etter seg, og seint vil han verta gløymd. «Mannen kan siga; men merket det må i Norig si jord som på Stiklestad stå». Myklebust sette so hardt merket i jordi at det stend.

Ungdomslaget hev gjenge fram både i ei og onnor leid i desse ti åri, endå um det til sine tider hev vore ymse ting som hev meinka det i vokstren. I loverne hev laget bunde seg til aldri lata rusdrykk verta brukt på møti. Likeins hev det aldri vore runddans i laget, noko som etter mi meining heilt bør vera bannlyst frå ungdomsmøti.

Av framande talarar som laget hev havt, kann millom andre nemnast; Prestarne Devold og Høyem o Haugsøen, Lars Osa, Anders Vassbotn, Andr. Austlid, Elias Melvær, Hans Reynolds og Olav Sletto. Dessuan hev lærarane i bygdi og ymse andre lagslemer ofte halde foredrag.

Skodespel hev det og vore framsynt fleire gonger på festarne; og stundom hev det vore ordskifte. Elles hev det vore drive for lite med det, for med det misser lagsfolk noko som hev stort verd for deim. Ein fær av å vera med i ordskifte god tame i å målbera seg, tanken kvessest ved det, og rædsla for å segja si meining kverv. Heile tidi hev laget havt eit handskrive blad «Fram»; og mange gilde og forvitnelege stykke hev det havt.

Desse hev vore formenner i laget: Hans Erdal, Olav Myklebust, Paal Lynge, Bernt Barstad, Hans Barstad og lærar Severin Blindheim, som no er formann. Der er mange ungdomar i bygdi som er mykje framtak i og som hev hug og vilje til å gjera noko i laget. Og det er no von at det vil ganga fram i det som godt er til gagn og gleda for både ungdomen og bygdi og fedrelandet.

Barstadvik 16. mars 1915. Severin Blindheim.

Or Bodstikka, nr 4. 1915. Meldingar um arbeidet i Norigs maallag og Norigs ungdomslag.