Folk frå fortida – Andrina Røysetbakk

Andrina Askjellsdotter Røysetbakk (1845-1873) kom til verda i juli 1845, fem veker etter far hennar hadde døydd. Far hennar var frå Martigarden (Peg.) Sørevartdal og hadde i 1840 gifta seg til den forsølte garden Røysetbakken i Hareid. Hausten 1860 stod Andrina nedst på kyrkjegolvet av dei 14 jentene som vart konfirmert den oktober-sundagen. Plasseringa kan ha samanheng med at boklærdomen i heimen var forsømt, eller stefaren ikkje ville koste henne høgre plass, presten venta betaling av næraste pårørande for embetgjerninga. Visseleg kom små kår til.

Det siste var heilt sikkert tilfelle, kor som, og betre vart det ikkje for Andrine då mora Karen fall frå. Seinast då, om ikkje før, forlet ho Røysetbakken for godt, for å hamne på landsida av Vartdalsfjorden. Næraste slekta i Martigarden må ha kome henne til hjelp og skaffa henne teneste(r) på Vartdalsstranda.

Sommaren 1873 sætra ho for Øydgardsfolket på Puskesætra i Årskogdalen. Under eit overhendig regnver den 16. juli stekte fleire jordfonner laust i fjellsida under Trongegga. Ei slik jordskride tok med seg Andrina og førte henne ut i den ville Storelva som braut seg nye far nedetter dalen. Dagen etter fann folk Andrina på marka ved der det i 1936 vart reist ein bautastein til minne om Andrina og ulukkesdagen. Liket vart ført til Hareid kyrkjegard og lagt i grav den 21.

Andrine Åmbakk (1875-1969) frå Remen, mor til karar som Ivar, Oddmund og Einar Aambakk, heitte etter Andrina Røysetbakk.