Folk frå fortida – Ivar Askjellsson Remen


Ivar Askjellsson Remen (1843-1892) var frå Røysetbakken i Hareid. Far hans, som opphavleg var frå Sørevartdal, døydde då Ivar var berre 2 år gammal. Hausten 1858 vart han konfirmert i den dåverande Hareids-kyrkja, med jamnt gode karakterar, men stod nest nederst på kyrkjegolvet av dei 15 gutane, det kan ha med økonomien i heimen å gjere. I 1865 budde Ivar heime på Røysetbakken, hos mora og andre ektemaken hennar. 1869 døydde mor Karen, og truleg var då han flytta over Vartdalsfjorden til skyldfolk. Dei kan hjelpt han så han fekk bygsle ein husmannsplass under matrikkelgarden, Remebakken kalla, framma i sjølve gardstunet på Remen. I 1871 fekk han seg kone i Oline Nilssdotter frå Amundegarden Sætre. Dei fekk ikkje born. Folketeljinga 1875 registrerer honom Ivar som plassemann og fiskar, samt «Maler». Det siste kan ikkje vere rett, ingen i Vartdal kunne leve av måling ved den tid. Ivar døydde 15. mars 1892, 49 år gammal. Dokter hadde vore tilkalla før han døydde.