Folk frå fortida – Ivar Andreas Aarskog


Ivar Andreas Aarskog (1850-1931) døydde tysdag, 81 år gamal. Dermed er ein gamal strævsam mann gått til kvile. I yngre år dreiv han vinterfiskje med sunnmørsotring og førde båt sjølv. Umframt dette dreiv han Trondheimshandel, selde varor i Nidaros og førde heim varor og selde i heimbygda. I 30 års alderen overtok han farsgarden som han har drive godt fram. Med det same han overtok garden gjekk der eit stort jordras i Årskogdalen som demde upp elva og øydela mykje av jorda. Til å vøla dette kosta han mykje arbeid og stræv i mange år. Ivar Andreas var gift med Nikoline Foldal frå Ørsta. Dei hev livt mange lukkelege år saman og hev 6 born som alle lever. (Smp 9.1.1931)