vart halde i Ørsta igår. Det var – for ein gongs skuld, kunde ein nær segje – bra ver det meste av dagen og mykje folk var frammøtt. Til sjået var innmeldt 44 hoppor, ingre hingstar, og dei fleste innmelde møtte.
I klassa Marar 6-14 år med fyl eller åring, fekk vartdalingane Johan J. Nørevartdal (Bakke-Johan den fyrste) 3. premi for Nora, det same fekk Karl J. Vartdal (Fremste Steinagarden i Nørevartdal) for Kari. L.K. Grønnevet fekk «Anbefaling» for si Nora. Bror hans, Andreas Aarskog, fekk 3. premi for Bergljot i klassa Marar 4 og 5 år utan fyl.
Statskonsulenten J. Nordang meinte det var ei midels bra utstilling (einast to marar fekk 2. premi, ingen 1. premi). Han la til at det vil vere ei pen uppgåve for den nyinnkjøpte hingsten Molnesblakken å rette på feilen ved dei eldste, utstilte marane. Molnesblakken «vil nok etterkvart skape baade den gode rygglinje og eit vakkert kryss. Distriktet hev gjort eit kupp, når dei fekk tak i Molnesblakken. Det er ei uppleving å sjå han på plassen. Det er likesom det bilætet ein hev tenkt seg av ein mynsterhingst».
Molnesblakken «er Vestlandets beste hingst no – og truleg den jamnaste og beste fjording som hev eksistert».
I årrekkjor gjekk dei beste dyri ut av distriktet – dei som ein fekk best betalt vart fyrst selde. Det var fyrr ein tenkte serleg på alet. Og alt medan bygdene her hadde kvar sin hingst, so var det å finne åt og rakke ned for kvar andre, og ikkje noko var tess.
Knapt hadde interessa for eit hestesjå vore so stor som ho var på sjået i Ørsta, fredag 3. september 1926.
Utdrag or avisa Møre, 4. september 1926.
