Johannes Nilsson Aarskog (1852-1926) var frå Ivagarden Årskog. I 1875 budde han heime, «Hjælper Faderen, Fisker». Han gifta seg i 1877 med Kristine Larssdotter, enkje i Kortegarden Romestrand. Etter ho døydde i 1881, selde han Kortegarden og flytta tilbake til Årskog og tok over halve farsgarden, fekk skøyte i 1886. Truleg dreiv han og broren Ivar i fleire år ei slags samdrift, ettersom Ivar fyrst noko seinare bygde eiga løe, heimom tunstaden i Ivagarden. Ivar og Johannes eigde båt i lag, om det var ein ottring eller ein av møringstypen, er uvisst. Sommaren 1882 gifta Johannes seg med 35 år Jakobina Villiksdotter Lynge. Med seg til Årskog hadde han sonen Anders, ein kar som i 1906 utvandra og etterkvart busette seg i Vancouver i Canada. Med Jakobina fekk Johannes borna Kristian, som døydde allereie i 1909, Anna, Vidia [Kristoffersen], Nikka [Trandal] og Rasofiel. Ein gut døydde av kikhoste i 1890, halvtanna år gammal. Lite er kjent om fiskarlivet til Johannes, kanskje låg hugen like mykje til gardsdrifta. I 1898 stilte han ut kyra Svane og fekk 3. premie. Hausten 1915 baud han «ei god ku som skal kalva 5 vikor fyre jol» fram for sal. År 1925 skøytte han frå seg garden til sonen Rasofiel og tok kår. Midsumars 1926 døydde han av blærekreft. Grannejenta Ragnhild, f. 1916, karakteriserte Iva-Jo’ans som «verdas snillaste».

Jo’ans eller Johs frå Ivagarden var med i landvernet, gjennomførte den militære fyrstegongstenesta på Eid i Nordfjord.