Kva er grunnen til at Vartdal skal raderast ut som eige herad, og kva gale hev hendt i dei meir end 60 år me hev fått styrt oss sjølve? På dette spyrsmålet tykkjer eg at Scheinemnda må gje eit greidt svar.
Me som er gamle, minnest godt den tida me var saman med Ulstein. Og uten å føre noke klagemål over dei menn som me arbeidde saman med, vart det likevel so, at dei 2 eller 3 mann frå Vartdal hadde lite eller ingen innverknad i ei ymse avgjerder, og umlag likeeins vil det verte um me kjem i saman med Ørsta.
Vartdal-folket bygde med pliktarbeid vegen i Årsetdalen opp til Kvia i [18]50-åra. Vegen ifrå Vartdal til Erdal i Barstadvik og med sideveg til Aarskog, vart bygd av gardbrukarane uten noke tilskot i [18]70-åra. I denne tida og utetter vart det bygt dei turvande skulehus på Vartdal, denne kostnaden bar dei einskilde skulekrinsar.
I 1876 fekk Vatdal, etter noke strid, lov til å bygge seg eiga kyrkje. Vilkåra var at Hareid fekk gamlekyrkja uten utløysing, og Vartdal kosta si eiga kyrkje sjølv. So vart me i 1895 skilde frå Ulstein som eige herad. Eg minnest godt når vartdalstrandingane reiste mann av huse på tinget i Hareid og valde det fyrste heradstyret. Frå en tid var det som ein ny dag rann over Vartdal, vistnok laut mest alt byggast som ifrå nya, men folket la godviljen til, og kjende seg som eit fritt folk.
Alt i 1905 gjorde heradstyret vedtak om å skipe sin eigen bank, og den no 10 år gamle kommuna hadde sopass til overs at ein kunne hjelpe den nye banken med noke pengar til grunnfond, og sidan hev det gått slag i slag med nye tiltak:
I 1918 gjekk Vartdal til oreigning av ei bra vassfall, med tanke på eige kraftverk. Men som mange vil minnast, vart det i 20-åra ein svært vanskeleg økonomisk tidbolk, og utbygging var difor stil i bero til solenge.
Det var den gongen mange store bygdekommuner som laut melde konkurs, og mange greidde snutt å betale ein fjerdepart av lånesummen. Vartdal hadde lita eller inga låneskuld, og hadde ingen vanske.
Lite betre gjekk det med mange sparebankar som laut innstille og påførde innskytarane store tap. I Vartdal Sparebank var det full dekning, og ikkje ein mann tapte eit øre der.
Arbeidet med utbygging av kraftverket vart byrja i 1933, og typisk for Vartdal var, at det meste av arbeidet, med rydding av rørgata og resing av kraftlina og all transport, vart gjort ved frivillig arbeid. Alt året etter, i 1934 den 8. september, vart krafta påsett.
Utlegget til den nye stamvegen tok til i 1931 og hev siden halde fram, med undantak av verste krigsåra, og det er svære summer som hev gått med til grunn og gruskjøp. Det lid no mot slutten, og før alt er betalt, vil det sikkert gå med meir enn ein halv million på denne konto.
I 1953 bygde Vartdal ein tidhøveleg gamleheim, og etter siste heimskrigen hev me bygt 2 nye skulehus og det tredje og siste er i arbeid. Mykje av byggesummen er avsett, og når me får attendebetalt det fylkestilskotet me hev krav på, er det meste av skulekostnaden betalt.
Fylkesskattestyret hev og gjort bruk av Vartdals gode økonomisk tilhøve. Ein kan berre nemne, at 30 herad i Møre og Romsdal hadde mindre fylkestilskot enn Vartdal det siste året.
Når det hev gått so pass godt i dei åra me hev havt sjølvstyre, so kjem det av, at folket hev havt framsyn, tiltaksvilje, arbeidshug – både på sjø og land. Ein kan berre peike på den store fiskefloten, som driv på alle hav.
Gardsdrifta i Vartdal kan og, trass i minkande arbeidskraft, vise til monaleg framgang: I 1951 sede me 767782 liter mjølk til Sunnmøre Meieri. I 1957 var sendinga auka til 1013608 liter. Dette kjem sikkert av alt arbeide med rydding av kulturbeite, og av dei mange nye silobygg. Dei siste åra hev det og vorte reist nokso mange verkstadbygg og fabrikkar som gjev arbeid til mange mann. Dertil kjem alt arbeid til vøling og nyarbeid med fiskevegn til fil fiskefloten, eit arbeid som gjeng heile året. Det er soleis ikkje truleg at me kan få nemnande arbeidsløyse. Dei styrande i Vartdal hev visst å setje tæring etter næring, og prøvt å betale alle kostnader mest mogleg etter kvart, uten å ty til nemnande lån. Etter siste heimskrig hev det vore tufta og reist meir enn 150 nye heimar, medan ingen heim er fråflutt. Det skulle soleis vere von om at folkemengda i Vartdal vil auke snøggare etter kvart.
Fylkesmann Olav Oksvik var utan tvil den som kjende best tilhøva i Møre og Romsdal. Oppvaksen som han var på Sunnmøre, kjende han alle bygder, og etter han vart fylkesmann, fekk han det beste høve til å døme om dei einskilde kommuner og deira arbeid, og det er ei kjend sak at han bestemt rådde til at Vartdal skulde halda fram som eige sjølvstendig herad, og ein kunne tru at Scheinemnda tok omsyn til hans råd.
Det er ikkje rart at Vartdal-folket vert harme, når det ser ut til at dei på denne måten skal verte fråtekne sin rett til å styre og bestemme over sine eigne ting, og for all framtid, verte prisgidde kva andre folk, med andre fyremål, finn for godt å bestemme.
No hev heradstyret både i Ørsta og Vartdal bestemt rådt i frå sammenslåing, og bak desse tilrådingar er det meir end 700 menneske. Ein måtte då tru, at nemnda på nytt tek saka opp, til ny handsaming når dei møter ein so avgjort folkevilje. Det er då stikk imot all demokratisk tenkemåte, å framtvinge eit fornuftekteskap, når begge partar er avgjort uvillige.
Og om det Norske Arbeiderparti, både i riksstyret og i Stortinget med sitt snaue fleirtal på ein slik diktatorisk måte, vil drive igjennom alle dei påtenkte samanslåingar, uten å ense på folkeviljen i dei bygder dette gjeng utover, so trur eg for visst, at dei hev arga på seg so mange fornuftige og rettenkjande bygdafolk kring heile landet, at dei kan rekne med eit endå snauare fleirtal når folket skal møtast – på neste korsveg.
Or Sunnmørsposten, 13. mars 1959.