Ole K. Myklebust (1890-1974) var frå Toregarden, eldst i ein syskenflokk på 6. Så snart han var konfirmert laut han ut og syte for seg sjølv. Han tok til på fiske, og vart ein dugande og påliteleg kar som skipperane likte å ha med. I 1908 var han mannskap på «Havfruen» då ishavsskuta nådde 78 grader nord på Aust-Grønland, dit inga norsk skute hadde vore. Trurøken og samvitsfull som han var, hadde han lett for å få plass på fiske sjølv i dei vanskelege mellomkrigsåra. Seinare slutta han etter kvart med fisket, og tok seg arbeid på land som notbøtar. 43 år gammal gifta han seg med Sofie Grønning frå Ålesund. Dei bygde seg ei stove på Remen i 1952. Året etter døydde Sofie. Ole selde eigedomen i 1963. Han budde på aldersheimen i fleire år. Ved gravferda ynskte han ikkje kransar, i staden gåver til Santalmisjonen.