
Dette 11 mann sterke båtmannskapet på fiskebåten Ramoen skal vere fotografert på Island i 1913. Dei to til venstre framme veit eg ikkje kven er. Vidare skal det vere Hans Brandal og svogeren Laurits Vartdal, skipper på Ramoen frå 1912 til båten vart seld i 1918. Han lengst til høgre veit eg ikkje kven er. Bak frå venstre ser ein Elias Erdal, Ole J Vartdal, Andreas Buset, Ludvik Flåskjer, Ole G Myklebust og ein framand.
Knut Petter Hagen var medeigar i Ramoen ei tid, om han er med på biletet så sit han som nummer 2 frå venstre. Eg kjenner ikkje utsjånaden hans. Daniel Juliebø er nemnd, om han er med sit han lengst til venstre. Men eg er ikkje særleg overbevist. Om medeigar Ivar Wartdal er her, så er det han som sit lengst til venstre. Ivar hadde ikkje bart, såvidt eg har sett av andre foto, så eg trur det må vere ein annan person. Også Ludvik Bjørndal er nemnt, eg kan ikkje sjå at han er på dette biletet. Medeigar Martin Berg er ikkje å sjå.