Eg veit eg står i stor skuld til mor og far for kjærleik og oppseding og formaning til Gudsfrykt. I folkeskulen hadde eg berre Peder Kvien til lærar. Han tok det alvorleg, serleg med kristendomsopplæringa. Det er eg sers takksam for. Det har sikkert sett merke på livet mitt. Norsk og stil var ikkje med i skuleplanen då eg gjekk ut i 1889. Seinare gjekk eg framhaldsskule i 2 1/2 månad, og det er heile mi utdanning. Nett då kom nynorsk (landsmål) inn i bygdene her, og det fekk etter kvart rom i skulearbeidet og anna åndsarbeid. Me som då var unge ville gjerne vere idealistar og vere gode målfolk og gode venstrefolk, for i den tid var det spaning og alvor i politikken. Nynorsk laut eg læra meg sjølv, mest med å lesa det.
Eg fekk meg ein still-ferdig og roleg ektemake med eit avgjort kristeleg livssyn. Me fekk 5 born som alle er komne i gode heimar, og der er eg alltid velkomen. Dei møter meg alle med kjærleik, og det er meir enn løn nok for det eg har fått gjort imot dei.
Eg fekk tidleg mange tillitspostar, såleis vart eg 23 år gamal formann i likningsnemnda, seinare formann i fattigstyret og var med i alle oppgjør mellom Ulstein – Hareid og Vartdal då Vartdal vart heilt fråskilt. 2 år var eg formann i skulestyret. I 1910 kom eg med i heradstyret og vart i fyrste møte vald til varaordførar, og då ordf. døydde i 1912 vart eg ordførar og det streva eg med i 14 år.
I fylkestinget fekk eg etter kvart vener og tiltru. Eg var i mange år varamann i fylkesutvalet og i fylkesruteselskapet og i fylkesskulestyret, og eg var delvis innkalla til møte. I 1937 vart eg fast lem i fylkes-skulestyret i 8 år. Då sa eg frå meg attval. Eg har sete i 4 lagmannsrettar i straffesaker, og 2 lange, vande lagmannsrettar i tvistemål om jordeigedomar. Eg har vidare vore lagrettemann i kring 30 jordskifte og grenseforretningar, og vore med i uteljande mange skyn og takster. Eg var og mange år formann i forliksrådet. Vinterfiskja dreiv eg i 32 år, og omlag halve tida var eg førar av båt. Eg vart med då drivgarns fisket ute på havet då det tok til i 1897-98. Og alt hausten 1898 fekk me oss ny dekksbåt og tok til med drifta i oktober månad den hausten. I 1921 slutta eg sjøen då eg vart poståpnar. Det var eg til 1944 då eg fall for aldersgrensa.
Eg har reist i mange bygder i fylket, serleg i samband med skulesaker. I 1935 gjekk eg saman med andre frå Ålesund til Kristiansund. Eg var skjønsmann over veggrunn og ulemper til kompensasjonsvegen. Eg har og vore med i mange skyn og takster mange stader på Sunnmøre og skrive ei mengde heimelsdokument, skyldskifte, skjøter og andre dokument. Hausten 1906 var eg med og skipa Vartdal Sparebank og var i 37 år med i forstanderskapet, den lengste tida var eg formann. I 36 år var eg presten sin medhjelpar.
Hardaste jobben for samfunnsinteressene var arbeidet med matforsyninga under fyrste heimskrigen i 1914 – 1918. Og formannsjobben i utbyggingsnemnda for kraftverket då det vart utbygt. Då laut eg arbeida meir med det enn eg fekk arbeide åt meg sjølv. Det er godt å ha god tiltru, men det fyl og ansvar med det. Eg kan ikkje minnest at eg med vilje har vore med og gjort urett i dei mange – mange ting eg har vore med på. Men eg veit vel at eg har mi avgrensing, og at det ikkje alltid er så godt å sjå rett – langt inn i framtida.
Ei veldig utviklingstid har eg levt i gjennom. Her finst visst ikkje eit hus att i bygda som eg ikkje minnest var bygt, ombygt eller tilbygt. På kvart einaste bruk er avlinga tviauka eller meir, og drifta har på alle måtar vorte langt meir lettvint. Sjødrifta har sanneleg hatt ei storfelt utvikling. Frå den gamle sunnmørsotringen og møringsotringen som eg sjølv var med på og til den tidhøvelege, motordrivne, store fiskefloten no. Drifta av floten har og halde takt med utviklinga, og alle nye oppfinningar er tekne i bruk.
Skal eg nemna noko som serleg har skapt om drifta og tilværet på så mange måtar så er det elektrisiteten. Eg kan minnest at lysekola var det einaste dei hadde til lys i mange rom. Seinare hadde dei små flatbrennarar som ofte var utan glas, for at det skulle gå lite parafinolje. Og når ein då samanliknar med no vert det ei veldig forandring.
Gud har vore god imot meg og gjeve meg ei sers god helse. Men størst av alt for meg er at han tok imot meg som ein stor syndar, og gav meg tru på at alt er sona av han og han åleine, og at han vil halda meg oppe og fast i denne tru alt til mi siste stund. Må det timast meg og alle mine etterkomarar. Det er mi stendige bøn.

Laurits K. Grønnevet levde frå 1874 til 1959. Han var son til Berte og Knut Grønnevet, gift med Vilhelmina/Mina frå Olagarden Masdal.