Folk frå fortida – Ivar E. Romestrand

Ivar E. Romestrand (1860-1935) tok over farsgarden Ivagarden på Romestrand etter far hans døydde i 1888. I 1893 bygde han og grannen Andreas i Kortegarden ei kvelvingsbru over Storelva ved Romestrand, den fyrste eigenlege brua over Storelva. Før den tid, og eit par tiår til, kryssa dei fleste vegfarande elva over eit vad. Same sommaren fylgde Ivar ei gruppe «turistar» frå Ålesund, tre i talet, til topps på Ramoen. Han «viste sig som en dygtig Fører» ved denne fjellferda. År 1895 var han med på eit opprop som kravde telefonsamband på Søre Sunnmøre, sambandet kom i stand fire år etter.

Hausten 1896 tok Ivar oksen Blomsten til fesjå i Ørsta og fekk 3. premie, dessutan 3. premie for ein ver. I februar 1898 baud han fram for sal ein 2 år gammal gråkolla okse, «præmiebelønnet ved Amtsudstillingen» i Ørskog. Om hausten det året var Grådue den einaste kyra som fekk andrepremie då det vart halde fesjå på «Vartdalsstrandi». I september 1899 tok han oksen Frank med til «Kvægudstillingen» i Ørskog. Ei endå lenger ferd la han og den fire år gamle merra Lydia ut på i byrjinga av juni 1904, dei deltok på Statens hesteutstilling for fjordhestar i Molde.

Ivar gifte seg i 1887 med Gurine Knutsdotter Indreflø frå Ulstein, ho kom kan hende til Barstadvika som tenestejente. I tida 1888-99 vart dei foreldre til fire jenter og til sist ein gut. Sonen Elias tok i si tid over farsgarden, medan eldstejenta Gina vart gardkone på Kongsvollen på Barstad. Også Klara og ektemaken Sigurd Hovde bygde heim på Barstad. Jentene Hansine [Toften] og Kristina [Sætre] flytta vekk. Kristina til Dalsfjord, Hansine til Langenes kommune i Vesterålen.

Iver og Gurine Romestrand hos fotograf Johannes Sponland i 1919. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.