Krinsvinstremøtet på Leikong i 1915

2. pinsedag i 1915 møttest utsendingar frå venstrelaga på Søre Sunnmøre til krinsmøte på Leikong i Herøy. Møtet er referert i avisene Møre og Søndmørsposten av den 26. mai, Smp 27. mai og Møre 29. mai. Referata er nokolunde samsvarande. På møtet drøfta utsendingane framlegg til partiprogram for Norges venstreforening, i førekant av stortingsvalet same hausten. Mellom anna, las krinsformannen Rasmus S. Moltu opp ymse framlegg frå «Vartdalstranda vinstrelag» om endringar i partiprogrammet. På den eine sida ville Vartdalsstranda legge til «ein passus» om at «Der må sørges for at landeværnets infanteriavdeling straks får tilstrækkelig og bedre befal». I «4. passus» ville Vartdal Venstre at ordet «skyteøvelser i skularne» skulle gå ut.

Til stades på Leikong var frå Vartdalsstranda ordføraren Laurits K. Grønnevet, Johs. Aarset (Mellag) og Ola Erdal. Også M. Bjørndal, ordførar i Ulstein og bror til nemnde J. Aarset, deltok på møtet og ytra meining i nokre av dei nemnde spørsmåla. Han var, som Mellag, fødd og oppvaksen sør i Bjørndalen.

Den pensjonerte læraren Bjørndal og fleire andre støtta framlegget om at skyteøvingar skulle strykast or programmet. Dei meinte det passa ikkje for borna å drive med slikt, det tok bort tid frå andre fag og det ville koste for mykje. «Skyteøvingar vil dei ikkje ha i folkeskulen, men derimot gymnastik», la Grønnevet til. Voldingen, rektoren Olav Riste tala derimot for at framlegget frå landsstyret vart ståande. «Skyteøvingar i skularne er paa sin plass… Og det var bra at unggutarne tidleg lærde aa handtera eit slikt vaapen.» Også lensmannen i Ørsta, Flydahl, var usamd med Vartdalsstranda. «Alt i folkeskulen kan lærast mykje av disiplin, og det er det som maa til.» Ola Erdal braut med vartdalsstrandingane, han trudde skyteøving i skulen var bra. Anders Eidsaa og ørstingen O. Hamar var òg for skyteøving i skulen. Gerh. Skjervem, P. Sandvik, smed Dahl var alle i mot. «Ved avrøystingi vart Vartdalsstranda vinstrelags framlegg um skyteøvingi vedteke mot 11 røyster.»

Spørsmålet om «beire befal» var kanskje viktigare for vartdalingane. Om dette framlegget «tilstod [Grønnevet] at det vel kunde vera noko drjugt dette aa segja beire befal, men der maa peikast paa det beint fram». Formannen, Moltu, meinte ordet beire kunde vore bytt, men sekretær Hatlemark (han var syskenbarn med Ola Erdal, mora var frå Erdal) svara: «Ordet er det rette. Det kan ikkje sterkt nok segjast kor turvande det er aa faa retta paa dette». Framlegget vart samrøystes vedteke, men ikkje som programpost.

Mykje i same gata ville Johs. Aarset ha eit vedtak om «styrkelse av underofficerstandens stilling i hær og flote», eit framlegg som overrettssakførar Vedø frå Trondheim hadde fremja på landsmøtet til Norges venstreforening helga 1. og 2. mars. Grønnevet la til at «Vartdalstrandi vilde med framlegget sitt pressere[sic], at me maa faa eit slags befal. Me hev røynsla for fraa Agdenes, at det er ringt.» Erdal, liksom Grønnevet, hadde i august-september 1914 vore utkommandert til nøytralitetsteneste på Agdenes ved Trondheimsfjorden. Erdal «kunde ’kje skyna at unge gutar med 6-8 maanaders skulegonge kann staa som officerar yver røynde sersjantar som hev gaat 3-4 aar paa ein militærskule. Dei som no er soldatar hev størst tiltru til underoffiserane.»

I post 3, spørsmålet om korntoll, stod Vartdalsstranda vinstrelag på «Ikkje korntoll». Her var Ola sterkt usamd med sambygdingane. Etter å ha vore innom ei omfattande rekke av argument, avslutta ha med å minne «um kor faarlegt det var aa verta avhengig av utlandet. Um kornet er billegt ei tid fær me betale det dyrt igjen seinare». Både Aarset og Grønnevet la tvert imot. Aarset peikte på at maten ville verte dyrare og «arbeidarane trengde støre løn», alt var då dyrare, også å dyrke kornet. Grønnevet tala for å «sikra landet ved kornupplag, men me vil ikkje ha toll paa maten aat smaafolket». Fleire utsendingar tok taletid, nedsett til fem minutt kvar, i dette spørsmålet som kløyvde møtelyden. Når det kom til avrøysting, gjennomført i to omgangar, viste røystetala 28 mot 13 til fordel for eit framlegg frå landsvenstre, og nøyaktig det same for Vartdalsstranda Venstre sitt framlegg om ingen korntoll.

Utifrå meiningsytringane på møtet får ein inntrykk av at Johannes Aarset stod eit lite hakk til venstre i allmenn politikk enn den meir moderate Laurits K. Grønnevet. Ola Erdal stod heilt klart lenger til høgre i næringspolitikken enn dei to andre, han melde seg då også til teneste for Landmannsforbundet/Bondepartiet då det i 1920 tok steget over i partipolitikken.