Jenny Aarskog (1899-1968). Alt tidleg fall faren frå, og Jenny laut taka pliktene i heimen saman med mora. I 1920 var ho budeie på den gamle futegarden på Store-Nørve, som svogeren Andreas Frøland forpakta. Den vesle landhandelen ved kaia i Nørevartdal vart utvida etter kvart, og frå 1928 fekk post og telefon rom i huset. I 1929 gifte ho seg med Rasofiel Aarskog, og saman har dei bygt ein gild og uneleg heim. Ho tok over handelen etter mor si i 1941, men hadde stått for drifta i fleire år i førevegen. Jenny hadde sterke sosiale interesser. Ho var med og gjorde opptaket til å få skipa husmorlag på Vartdal. Desse [laga] tok straks fatt på å arbeida for pryding av kyrkjegarden. Jenny fekk mykje med det å gjere. Det var gildt, fortel ho, å sjå kor hugheilt alle gjekk inn for prydinga. Dessutan vart det skipa kurs av ymse slag i husmorlaget, og Jenny var ofte den som gjorde opptaket. I 15 år har ho vore [1959] med i styret for Vartdal helselag, av desse 8 år som formann. Utanom dette har ho hatt plass i Vartdal skulestyre og ymse nemnder. Jenny overlet verksemda til yngste sonen, Reidar, i 1967. Året etter døydde ho av kreft. (Sunnmørsposten, 1. oktober 1959, mm)