Historisk årbok for Årsetdalen og Flåskjerstranda. 1930.

Godt nyår! Visaren på stoveklokka svinga yver 12talet. Eg låg og halvsovna. Bumm! bumm Bumm! Sa det frå ein stad i bygda. Det er sjølvsagt nokre livsglade ungdomar skaut inn det nye året. Rett som det var høyrde eg gryntingi av eit bilhorn, og 2 bilar susa etter vegen med full musikk og lått av glad ungdom. 1930 var runnen yver bygda.

Sjølve nyåret rann med godver og ber mark. Elles var det mest ber mark heile vinteren. Det var ein av dei mest snølause vintrar folk kann hugse. Og godver var det både på sjø og land. Knuppar og spirar skaut fram or moldi i hagen, og påskelilja var klædd i finaste skrud til høgtida. Jau det var ein mild og god vinter. Våren kom til vanleg tid. Det var ikkje nokon særleg mild vår, og plognaden var som ein vanleg vår. Men so vart det godver ja. Sol inne, sol ute, sol hjertet sol i sinne. «Sol Berre sol» heite det i songen. Ja, det er merkjelegt kor sola varmer både sjæl og sinn og folket vart solskinsborn. Ikkje å undrast at dei gamle dyrka soli som gud.

Men attende til emnet. Det var ein solskinsumar av dei aller beste og han varde framover heile hausten til 1930 dala i vest. 1930 var i sanning eit godversår!

Fugleliv i Årsetdalen Det var ikkje berre menneska som lovpriste den solvarme sumaren. Her var eit yrande fugleliv. Det meste og kvikkast eg hev sett på lenge. Staren song på heimetufter 12te mars. Elles var her mykje Svartetrast heile vinteren. Sysvorta var her ogso noko av. (Hev ikkje sett henne på mange år). Elles høyrde me ofte um vinteren den uhugleg låten av Skoddefolen (det gamle namnet Mækregauk). Orrfuglen kurra livlegt i ungbjørkskogen på Flåskjerstranda. Elles var det mykje orrfugl i skogane fram gjenom dalen, og han spela livlegt på steinen på Storehamaren i dei fine vårmorgonane. Elles var her eit yrande liv av Sporvefuglane, som mange trudde hadde ungar 3 gonger dette året. Ugla let ogso uhuglegt styggt i skogane denne våren. Det var eit sværande godt ver for rjupa å klekkja ut ungar, og du såg mange reir i skogane den tida.

Vårarbeidet Utearbeidet tok til so kring fyrst i april. Det er køyring av naturgjødsel utyver marki. Folk hev liten åker. Dei gjødsler difor mykje mark med naturgjødsel. Elles kjøper folk mykje kunstgjødsel. Her var denne våren innkjøpt kunstgjødsel for ca kr 4000,00. Folk tek no til å lære å skyne dei vigtugaste nærinsgto jorda treng, og dei handlar deretter.

Sæterliv Folket flytte tidlegt på sætri med buskapen sin dette året, og fjellbeita var gode, berre litt for mykje klegg og flugor for krøtera. Dei flutte på sætri kring den 1ste juli.

Fisket Det var etter måten eit bra år for fiskarane, dette året. Det framifrå gode veret hev noko av æra for dette. Snurpedamparane herfrå, «Kirkholmen» og «Havmann» hadde eit godt år på sildefisket, elles hadde dei bra turar på torskefisket ved Island og Bjørnøya. Motorbåtane hadde ogso eit bra år. Dei hadde ca 900 kr på luten av sild og torskefisket tilsamen. Elles var mange av gutane på Ishavet på sælveiding.

Jordbruket Jordbruket er i vanskeleg stode. Prisane på varene dei hev å vende er låge, og svarer seg ikkje til det ein skal kjøpe. Folk dyrkar mest høy og poteter. Dei sender mjølka på meieriet og kjøper atter margarinsmør. Her er ingen som dyrkar bygg. Berre litegrand havre. Elles dyrkar dei litegrand gulrot, kålrabbe og kålhovud. Men folk tek til å få auga upp for grøntsakerne. Her vert trulegt ein snunad på dette område.

Pelsdyravlen Pelsdyravlen sylvrev blårev og kvitrev hev vore ei god inntekt for Vartdal dei siste 4 åra. Kjøtprisane hev vore høge som fylgje av avsetnad til revemat. Men 1930 var eit heller dårlegt år for pelsdyravlarane. Det vart dårlegt avsetnad til livdyr og folk heldt so lenge på dyri sine i von um sal til livdyr at pelsen vart overmoden til pelsing for skinnexport. Likevel kom her inn i bygda ein godt summ pengar på revealet dette året ogso.

Eksport – import Skal eg liksom summere næringslivet og legge Eksport i ei vegtskål og import i den andre vert ho syrjelegt lett den skåla som export er i. Tek du deg ein tur på kaia ein dag båten kjem frå byen so fær du sjå. Sigta kveitemjøl margarin kaffi og sukker er dagleg innførslevare. Berre Vartdal handelslag føre inn ca 4000 kg margarin for året. Utførsla ja det er litt egg kusmør kjøt og mjølk. Her må ei vending til skal det gå vel, voner berre at ho kjem snart.

Nybygg Alv Berg hev bygt ny stove på 1/3 part av jorda til Hans E Sætre. Der vert soleis 3 bruk av før 1 jord.

Ungdomsarbeidet Ungdomsarbeidet er no nede i ein båredal. Det er svært vanskelegt å samle ungdomen til ideelt ungdomsarbeid. Ungdomen møter ikkje upp den fastsette tid. Dei kjem den tidi dei sjølve fin laglegaste. Det er reint ille med møtetida og arbeidet i laga. Voner me her gjeng ljosare tider imøte, so ungdomen samlar seg um alt godt og gagnlegt ungdomsarbeid. Som det no er, er det knapt nokon som vil stå som formann i laga. Kan hende eg måler dette noko svart; men det er mitt syn på det.

Eit og anna Ola S Myklebust og Sigurd Myklebust var med Brattvågexpedisjonen som fann leivningane etter polarforskeren Andreé på Kvitøya nordost av Svalbard.