Frå Vartdal (1927)

Me hev fått regn og styggever her på Vartdal og, den siste vika. Det var so turt og godt no nokre vikor, men telen tok til å verta leid for dei som skulde arbeide på jorda, so det var vel ikkje av vegen at sunnanvind og regn fekk tære på honom so folk fær ta til att med jordarbeidet. Du veit det må mykje åker til, no sidan det vart so lønsamt å dyrke korn.

Røvemerkjarane er no godt og vel ferdig her på Vartdal og, for iår. Dei køyrde i bil som andre millionærar og det kunde dei visst som godt; for det er nok eit rikt rederi «sylvrevslaget». Merkinga gjekk finfint, som dei utrykkjer seg «røvekarane». Vart merkt så å sei «rubb og stubb», høyrer eg.

Visstnok berre ein einaste rev vart suspendert her i Årsetdalen og då må no i alle fall dei som eig rev vere fornøgd. Det er eit ordtøk som segjer, at ein fær ikkje lov å segje kva ein vil; men ein fær lov å tenkja det, og soleis i dette høvet og.

Det er svært kor revekarane stundom skryter av kva pris dei får for dyra sine, og kor lett det er å få selje, og so burtetter og det er vel slik og, for berre ifjor skal det her på S. Vartdal vere selt rev for ca. 50000 kroner og i år er det nok mykje meir. Men eit er det som mange tykkjer er rart, og det er, at når det ber til å betale skatt av alle desse tusen dei har selt for, vert skatten so øyrande liten, og helst då minst for desse som har skrytt mest. Korleis dette heng saman er ’kje godt å forstå, og ein lyt vel segja med vismannen: Det er mangt millom himmel og jord som menneskja ikkje forstår.

Sundag den 20-11 var det skyttarfest på Årset, med præmiutdeling til årets beste skyttarar. Det vart gjeve ein vandrepokal av gjentone, som må vinnast 3 gonger for å verte til odel og eige. Likeeins gav gjentone ein verdfull og fin-fin præmi til neste års beste skyttar og det skulde vere noko å trøyte seg etter for noken kvar. Spelstykket «Tømmermenn» var synt fram, og det gjekk godt, frå fyrst til sist, og spelarane synte at dei kunde sine ting trass i at sceneutstyr og tilhøva i det heile ikkje var som ein kunde ynskje. Festen slutta i halv 12-tida og vart vellukka alt i gjenom. Etterpå var det leik til framimot kl. 2.

Dei tre-fire sølvrevane som hev rømt frå revegardane på Vartdalsstranda dei siste åra, må truleg ha trivst godt i det frie livet, for nyst fann ein Nørevardalmann ein raudrev med svarte øyre, som hadde ete seg ihel på gift. Raudrev med svarte øyre kjem visstnok berre av krysning med sylvrev og her har me soleis bevis for at dei utslepte sylvrevane trivst og er i beste velgåande.

s.

Sunnmørsposten, 1. desember 1927.