Folk frå Vartdalsstranda klagar yver eit orlogsskip, som hadde skyteøvingar i Storfjorden i går. Kulone fauk kring seiedragarane, som låg burt for landet ved Rotaneset, og dei trudde, at der var kulor, som slo ned uppe i land. Seiedragarane segjer, at dei no veit, korleis det kjennest å vera i eit sjøslag, berre at dei ikkje hadde noko å svara med. Det var kanskje mest likt, når u-båtane tek på verjelause farty.
Søndmørsposten, 22. juni 1917.