Folk frå fortida – Lars Hansson Sætre (1815–1874)



Lars Hansson Sætre (1815–1874) fekk i 1846 skøyte på farsgarden på Sætre av far sin. Tunet i Larsgarden låg den gongen som ein del av klyngjetunet på Sætre, på markane kring dagens Gullike-bygningar. Lars var elles styremann i torskefiskja. Dottersonen Laurits K. Grønnevet fortel at Lars og grannen Erik i Pegarden hadde vore i Lofoten med dekksfarty og kjøpt fisk, om dei handla på eiga hand eller var mannskap på ein dekka båt, er usikkert. Fireårsperioden 1848–51 var Lars medlem i Ulstein heradsstyre. Kring same tid hadde han verv lokalt for misjonen. Lars var gift med Anelisbet frå Erdal, ho må ha vore rekna som eit godt gifte. Dei vart foreldre til Berte [Grønnevet], Hans, Andrine [Nørevartdal], Randi, Petrine [Flåskjer], Ola [Barstad] og Anne som i lang tid levde i Nilsgarden Nørevartdal. To born døydde små. I samband med utskiftinga av Sætre i 1864 skøytte Lars frå seg halve garden til odelssonen Hans og den andre halvparten til svigersonen Knut M. Grønnevet. Hans flytta då Lars-tunet til der det har vore sidan. Sjølv heldt Lars att ein del av eigedomen og bygde seg hus på Reiten på Sætre, nær heimen til Oddveig Barstad Bøkestad no. På folkemunne gjekk han sidan under namnet Reite-Lars. I 1865 budde Lars og kona Anelisbet på Reiten i lag med dei to yngste borna deira.