nyårsafta rann inn med fullmåne, men veret var ikkje på det beste, so månen fekk syna seg berre millom kvar snøeling. Austanvinden var stri og det var kaldsnækje for dem skulde vera ute når nyåret rann inn. Likevel var det nokre ungdomar som reiste på sætra og yvernatta der. Sume hadde ski med seg, men nyårsdag var skiføret dårleg so skiene vart ikkje bruka.
Januar var mest snøfri med mykje sydveststorm. Mildver heile månaden med regn dag etter dag. Februar med umlag same veret. Fyrst i mars kom rette snøen og sledeføret vart nøytt till vedakøyring og steinkøyring. Mange hadde veden liggjande i utmarka, og han kom vel med no, for heime var dei mest fri for ved. Snøen kom ogso vel med for kraftverket som var under uppbyggjing. Dynamoen vog 3000 kg. Ein dag det var godt sledeføret samlast ca 25 mann og 6-7 hestar. Dei laga ein slede til dette bruk og den dagen køyrde dei dynamoen upp. Næste dag tok dei han att med talje og drog honom upp.
I April var det fint vårver, mai likeeins, upptil 28 varme. Påska kom fyrst i månaden. Mange som venta på skiføre vart skuffa. Godveret varde til sist mai, men då snudde det og kom frå ein annan kant. Storm frå nordvest la ein skosnø heilt ned i fjøra. Mykje sauer var komne upp i dalane og dei vart ståande faste i snø. I Skorgedalen måtte dei moke veg for få sauene derifrå. Uppi Kvia køyrde dei med snøplog for å koma fram på vegane.
Siste halvdel av juni var svært varm. Juli og August var det jamt bra varme, men yverskya, og sola fekk ikkje syna seg mykje. Heile hausten frametter var det mykje nedburd. Oktober var den månaden som hadde størst nedburdsmengd. I Desember var det derimot svært lite nedburd. Det vart so lite vatn at Risaskardelva vart turrlagd.
Jola 1934 kom heller ikkje med noko vinterver, ber mark og mildver. Hadde det vore fyrr i tida so hadde folk sagt, at det var eit rart vintersver, men no hev det vore berre milde vintrar i fleire år og folk ventar snart ikkje noko anna. I det heile lyt ein segja det var godt ver i 1934. Særleg godt vokstraver.
Fisket
M/B Petra dreiv ikkje etter silda, men dreiv litt seifiske istaden. Sei var det svært lite av og nettoen av fiskeriet vart deretter. Torskefisket var dårleg.
Haugesundsfisket var dårlegt. Veret hindra fiskeriet svært mykje. Stimbåtane her fiska frå kr 15.000,- til kr 25.000 på kvar, men 2 av båtane var næsten fri for sild.
Torskefisket ved Island var godt og båtane herifrå gjorde bra turar.
Sildefisket ved Island vart ogso betre enn dei venta, avdi sildeprisen var so høg. Båtane fiska for ca kr 25.000. D/S Polhavet gjorde ein middels bra tur på ishavet og på håkjerringsfangst.
D//S Havhesten kom ikkje heimatt til Vartdal. Båten var komen til Island på sildefisket og hadde fiska ca 200 hl sild og var på veg og skulde levera. Då fekk han ein sjø på sida, og båten kantra og sokk på nokre få minutt. Mannskapet fekk i siste liten berga seg i ein notbåt. D/S Kirkholmen var den fyrste båten som trefte på mannskapet. Dei fylgde då med til Island og reiste sida med rutebåt heim.
Alle båtane låg stille frametter hausten. Det vart konflikt millom reidarane og mannskapet og forliket kom ikkje i orden fyrr til jol. Noko økonomisk vinning vart det ikkje for nokon av partane, men mannskapet fær no strengare kontroll med rekneskapa som reidarane set upp.
Knut Grønnevet og fleire hev kjøpt D/S Nordholmen. Dei yvertok båten i desember.
M/B Petra er seld til Ålesund. Det er siste motorbåten som hev drive fiskeri her. Det er att nokre små motorbåtar, men dei er bruka mest til å frakta sild og kol anna tillands her.
Jordbruk
kornet var sått sist i april og poteten sette straks etter. Våren kom tidleg. 17 mai var det grønskog heilt uppå heida og marka stod heilt yvergrøn. Men våren fekk umbyte på veret, sist i mai kom nordvesten med snø og alle vokstrar som var komne i jorda fekk ein stor stans. Graset var det einaste som ikkje tok skade, tvertimot, marka vart godt fugta, graset tok seg munaleg fram seinare, so høyavlinga vart det meste på fleire år. I slåtten var det godt ver, men folket hesja pålag alt høyet, då dei er komne til at høyet vert betre og det er lettvint og turka det.
For kornavlen vart det eit middels år. Ole mølsæter sådde 1,5 mål kviete og den vart bra. Med poteter vart det derimot det minste på mange år. I August byrja kålet og rotna og det gjekk ikkje mange dagar fyrr kålet var svart. Potetene vart berre halvvaksne og nokre mann fekk ikkje nok til eige bruk. – Grunnen til at kålet rotna var at ein sopp la seg på blada og åt deim upp. Potetene vart av denne grunn svært dyre, upp i 12 kr sekken ca 100 kg.
Grønsaker dyrka folk litt meir enn fyrr, og det vart eit middels år, men prisane gjeng ned og produksjonen aukar so grønsaker gjev snart same innkome som andre bondevarer.
Kjøtprisane hev i år vore stigande.
Pelsdyravlen.
Sylvreven hev til denne tid vore det mest lønsame pelsdyr. Talet på avlsdyr hev auka kvart år. Sume revegardar hev då vore heldige med å få kvelpar, andre uheldige. Skinnprisane hev i år halde seg godt, med ein gjennomsnitt av kr 175. dei fleste revegardar hev utvida dette året og.
Nybygg.
Magnus Vartdal hev bygt løde. Knut G. Myklebust hev bygt på stova si i høgda. Bernt Aarset hev bygt på stova umlag sameleis. Alf Sætre hev bygt ny stove. Bergsvein Aarset hev bygt ny fjøs med gjødslekjellar attåt løda. Myrevegen er umlag ferdig. Han vert no nytta mykje som køyreveg.
Elektrisiteten
Elektrisitetsverket vart ferdig frampå ettersumaren. Laurdag 8 oktober var det ljosfest i Soltjeld. Alle vaksne menneske i Vartdal hadde tilgjenge. Innbedne gjester var ingeniør Høstmark, tilsynsmann Bertelsen og montør Johansen som representant for maskinfirmaet Siemens. Dei heldt ein tale kvar og yverleverte verket til Vartdal kommune. Tilslutt vart det servert rjomegraut. Det var god stemning under festen og dei fleste venta visst på at Vartdal skal gå ei ny tid i møte, med ljosog kraft i kvar ei krå. Vil vone at ingen vert skuffa. Rjomegrauten tilslutt var vel ei påminning um at den nye tid skal verte både feit og heit.
Nye verksemder.
Harald Halkjelsvik hev byrj å laga glas og dører og ymse anna i kjellaren til Mass Sætre. Øye sagbruk er flutt upp um vegen. Krafta er so billeg at nye verksemder skulde løna seg her som i andre bygder.
Sæterlivet.
På sætra reiste dei med kyrne fyrst i juli. Det var ein svært god sumar med godt vokstraver og passande mykje varme. Sætergjentene gjorde seg i år «bemerka» ei sjeldsynte klædrakt, fordi dei gjekk på sætra i «Pyjamas». Dei fyrste som spaserte uppetter dalen vakte stor uppsikt. Men endå er det berre ein mode. Kanhende i framtida vert dette ogso kvardagsbruk. Kven veit? Heimfarsgrauten vart kokt og eten i fred og ro på dei fleste sætrar.
Aarsetfossen.
Det hev vore på tale å skyta ned fossen i mange år. I år vart det gjort alvor av det. Det er laga ei trapp tilsides med fossen, og her skal laksen gå upp. Det skal no utsetjast lakseyngel og tida fær syne kva nytte trappa kan gjera. 6-7 mann arbeidde der i ca 5(6) viker.
Ungdomsarbeid og praktisk arbeid
Eit 10 vikers snikkarkurs med tilskot frå kommuna var halde i Soltjeld frå nyår og utetter.
Ungdomslaga gjeng som vanleg. Men partistriden millom ungdomslaga er ikkje mindre enn fyrr. Det hev vore slik fyrr at ungdomane kann gå på møta som laga held, men no vert konservatisma so stor at laga arbeider på å knekkja kvarandre.
Ungdomslaget skipa til leikekurs me Frak. Nelly Furnes til lærainne. Yver 40 ungdommar var med på kurset. Men frk. Furnes fekk påtale av fleire mann.
Likevel vonar eg at striden millom ungdomslaga må jamna seg ut. Det sømer seg ikkje for god, norsk, kristen ungdom og slåst innbyrdes.
Ingvald Aarset