Historisk årbok for Årsetdalen og Flåskjerstranda. 1925.

Årsmøte i ungdomslaga.

Fredag 2/1 1925 var det årsmøte i Årsetdalens ungdomslage (kristelege) Steinar Buset vart vald til formann på ny. Elles vart Steinar Buset, R. Årset valde tilåvere med i ei nemnd som skulde greide ut om tuft og ymse andre spørsmål som vedkjem forsamlingshus åt Årsetdalen.

Laurdag 3/1 192 årsmøte i Årsetdalens frilynde ungdomslag. Formannen Knut Grønnevet styrde møte. – Det var vedteke å «pernele» av eit skrårom på skuleloftet der ein fyrebils skulde gøyme gamle avlagde «saker» eller ting frå bygda. – Soleis ophavet til eit «museum» for bygda vår. Det vart vedteke å yte 25 kr til den som rudde mest nybrot i bygda (nyland). Han skulde ha fyremun som ha lita råd å leige.

Forsamlingshus for Årsetdalen vekte eit lite ordskifte. Knut Grønnevet, Harald Buset, Hans K, Buset, Håkon Buset, – Albert Flåskjer, Andreas J. Årset, R. Buset og mf. var med. Til slutt vart Harald K. Buset og Knut Grønnevet valde til å vere med i ei nemnd til å greide ut om tuft og anna vedkomande forsamlingshus. Dei skulde vere saman med R. Årset og Steinar Buset og so skulde 2 veljast frå krinsen (skulekrinsen).

Til formann i laget vart Harald Buset vald. – I det heile var det litt friskt ver i ungdomslaget og duld gjæring. – Vert kreftene leidde i ei god og rett leid, – kan det kome mykje ut av det for bygda. – Knut Grønnevet har i det heile gjort svært godt arbeid som formann.

Veret Den 6 og 7 gjekk regnet over frå regn og snø og den 7de var det godt ein skosnø fram i dalen, men han la ikkje til for godt. Kring den 1ste febr la han til med snøen for godt, og det vart mykje snø. Det var serleg i mars han la ned største snøtyngda.

Fisket Fyrste sildefangsten kom til Ålesund den 17. jan., – men so vart han fælt uver godt ei vikes tid. – Silda vart betalt (i Kristiansund) med op til ei 80 kr målet; men gjekk snøgt ned til ei 20 – 30. På slutten kom ho heilt ned i 6 og 7. Det vart eit rett godt sildeår med jamt fiske.

Torskefisket Torskefisket var smått; men gode prisar. Dei hadde kontrakter med frå ei 1,50 til 1.70 kr stykke op or «sjønå». Dei som salta og turka fekk omkring 2 kr pr stykke. Det var i det heile lite med fisk. Dei vanlege motorbåtar fekk so frå ei 300 til ei 500 stykke på «lytene» (lutene).

Våren (fuglane) Kva tid stare og erle kom, – veit eg ikkje, Eg var i byen.

Vårarbeidet Plognaden tok til so ymist. Ned med sjøen var det ei godt ei 14 dagar før enn fram i «Dalen». Dei 3 mennene på Buset sådde 7de mai medan Petter Buset sådde den 4de mai. Ned med sjøen var det so kring den 20 april.

Poetene Både ned med sjøen og fram i «Dalen» vart dei sette omlag på same tid. Dei fleste hadde fått dei i jorda til den 17 mai. Nokre få sette dei den 18de og 19 mai.

Den 17de mai heldt dei festleg tilstelling som vanleg. Kl. 2 samlast dei på Årset der gamle Ivar O. Vartdal og Sverre Flåskjer tala, Ungdomen leika litt etterpå.

Byggjing Han Elias K. Myklebust bygde seg ei stove tett ovanfor løa han bygde ifjor. Det var som stover plar vere.

Flytjing på sætra På Buset flutte dei på sætra den 6 juli – På Årset den 7 og Vartdal på Skorgestøylen den 8 (ein onsdag).

Slåtten Sidan det var drivande ver, – vart det tidleg slått. – Ned med sjøen tok dei til den 9 og 10 juli. Fram i dalen tok dei til den 13 og 14 juli.

Veret I heile slåtten var det fint ver, og slåtten gjekk snøgt frå hand. Me slo av kring den 10 og då var dei ferdige mest alle med undantak i Øye og på Buset.

Skurden Åkren vart svært tidleg moden, og ned med sjøen tok dei tidleg fatt på skurden. Mange tok til den 13 og 14 august og fram i dalen tok dei til sume på Myklebust den 17 og på Buset den 24.

Veret Det tok til med vind og nedbør kring den 27 og 28 og det varde vel ei 14 dagar. – Regn kvar einaste dag.

Potetkålet tok til å rotne med sume i midten av august – Det var ikkje med alle men her og der kring heile dalen. Det var eit slag turt kålrot – tok til med potetlauvet og ned etter stylen. – Potetene var friske.

Busetbrua var op-rota, og dei reiv ho sund den 17 august. – Med pliktarbeid sette dei ho istand att. Før var det trestokkar til bjelkar, men no vart det jarn.

Veret Natt til 11te oktober snøa det heilt ned i fjøra. Omlag 14 dagar etter vart det berr mark nokre døgn og so kom vinteren for ålvor. – Dei fleste hadde fått potetene or jorda før den fyrste snøen kom.

Sauesanking vart det halde fyrst i oktober. Mange måtte hente heim smalen sin i ein knesnø.