Namna som forsvann – Vilhelm

I Vartdal har det levd tre karar med namnet Vilhelm. Vilhelm, f. 1879, i Larsgarden Lynge var den fyrste som vart døypt dette namnet. Sidan kom Vilhelm Vartdal frå Jogarden Nørevartdal i 1883, og til sist Vilhelm Masdal i Olagarden i 1898. Alle desse var etterkomarar etter ein Villik/Villeik, dei to sistnemnde frå Villik Knutsson Masdal som bleiv i 1867, medan Vilhelm Lynge vart kalla opp etter farfaren i Larsgarden.

Ganske sikkert kom namnet Vilhelm inn som ein effekt av at Vilhelm/Wilhelm I frå 1871 til 1888 var tysk keisar. Samstundes må det nesten vere eit utslag av at namnet Villeik/Villik, med svarabhakti-vokal ofte uttala Villeike og Villike, i samtida av ein eller annan grunn vart rekna for u-tidig.

Vilhelm J. Vartdal (1883-1915) i 1906. Foto: Enok O. Simonnæs. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.