Historisk årbok for Årsetdalen og Flåskjerstranda. 1926.

Veret

Frå fyrst i januar til midten av februar var veret svært fint, det var for det meste bermark og kaldt. Dei som dreiv sjøen hadde ikkje ein landlegedag den tidi. Men frå midten av februar til ut i mars var veret urolegt, det var sudvest og regn mestedelen av tidi. Men frå midten av mars kom fineveret att, og det heldt seg svært fint fram til slåtten. Det vart berre for turt, både åker og eng held på og tok skade av det, gjeng på ymse korte floingar so var det ikkje regn den tidi.

Den 25de juli kom eit voldsomt regnver, serleg nord på strandi på Masdal og i Barstadvik regnde det svært. Steinfonner tok ut vegen på Masdal og Rot. Og i Erdalen øydela fonni mykje av slåttemarki til Martin Erdal. Her i Årsetdalen var det ein uvanleg stor vassflaum utan nemnande skade. Sidan var veret bra so avlingi kom velberga i hus.

Den fyrste snøen kom den 12 oktober og vart liggande i 14 dagar. Sidan var det for det meste ber mark, og bra ver framover mot jol.

Næringslivet

a. Jordbruk: På grunn av den svære turki på fyresummaren vart høymengda under midels, men det som var kom stort set velberga i hus. Slåtten byrja kring den 5te juli. Det gode vårveret gjorde at folk sådde tidlegt, ner med sjøen sådde dei kring 20-25 april og fram i dalen kring ei vike seinare. Det korn dei dyrker er berre havre, og lite er det av det og. Ner med sjøen hev dei som oftast frå 7-12 tunnor korn på kvar gardbrukar. Fram i dalen er det enno minder og mange hev umlag inkje. Skurden byrja kring 1ste september. Folk dyrkar minder og minder korn, avdi dei ikkje finn korndyrkingi lønsam.

Potetone sette dei kring 10de mai og upptakingi byrja kring den 20de september. For mange tok potetkålet til å rotna sist i slåtten og for dei fleste rotna kålet so upp at dei vyrde ikkje å slå det ta då dei tok upp potetone. Men stort sett vart potetavlingi bra. Frå 20-40 tunnor på kvar.

Grønsaker dyrkar folk svært lite av. Dei fleste hev noko rabbe, gulerøter, løk og sume liten grand kålhaud. Interessa for grønsakdyrking er so liti. Og folk kann og lite stella med grønsaker, so det kan verta noko av det.

Dei fleste hev noko hagebær, serleg solbær, stikkelsbær og ripsbær, dei fleste hev nok til eige bruk og sume sel litt.

Hans Årset prøvde å så lin, det viser seg at linen veks bra her.

For skogsaki vart lite gjort dette året. Nokre få som hadde plantefelt sette noko gran og fureplantor. Sume gardbrukarar, serleg dei som ikkje driv fiskja, sel noko bjørkaved og åreved.

Feal: På ein vanleg gard hev dei ein øyk, frå 5-10 kyr, frå 7-14 sauer, 1-2 griser og nokre høns. Dei fleste el sjølve upp dei krøter dei treng, og mange sel 1 og 2 kyr for året. Dei fleste forar krøteri svært, det finst undantak men dei er frå. Høymengdi hev vakse mykje dei siste åri, men krøtertalet hev helst minka. Folk kjem til at det o løner seg betre til å hava færre krøter i tal, og fora betre dei som er. Folk kjøper og ein del kraftfor, serleg mais kveitekli o.a. sume brukar og sild.

På grunn av at snøen kom tidlegt vart kyrne tidlegt innsette, det var kring den 10. oktober. Dette året flutte dei fleste på sætri den 5 juli, sume nokre dagar seinare, og var der til slutten av august. Sumarbeitone var bra dette året.

Tidi er i det heile dårleg for gardbrukarane, prisen på det dei hev å selja, smør, mjølk kjøt ull osv. er etter måten låg. Og gardbrukarane må kjøpa det meste dei liver av. Folk set og større krav til livet. Bruken av dei ymse ting er umlag det same no som i dei gode tider, so i det heile vil det verta knapt for mange.

Sylvrøven er ei ny inntektskjelda. Den fyrste sylvrøven kom til Årsetdalen i 1925 då var her ialt 10 par. Prisen var då 6-7000 pr. par. I år fekk dei fleste par ungar, jamt yver 4 ungar pr. par. og prisen var i år frå 3500,- til 5000 pr. par. so for dei fleste vart det ulønsam drift.

B. Fisket. Den fyrste storsildi kom til Ålesund den 11te januar. Silda dette året kom like tidlegt på Sunnmørshavet (for Svinøy, Holmen, Ona) som lenger nord. Prisen var til å byrja med 23 kr pr mål, men alt andre dagen var prisen ned i 7 kr pr mål. Det var mykje sild tilstades og fisket var godt, men prisen var so liten at fortenesta vart svært liti.

Torskefisket var betre enn åri før som oftast frå 600 – 900 fisk på ein mannslut. Men prisen var ikkje meir enn det halve, mot åri før, kring 70 øre pr stykk. Dei fleste salter fisken sin sjølv, og sel han som kleppfisk.

Vårsildfisket var og bra, sildi kom der kring 20de januar (ved Bualand og Feie) ved Haugesund tok sildi svært inn. Og det var brotfiske ei vikes tid frå 13-20 mars. Kring 15de mars tok sildi inn Sandsøyfjorden og sildi vart ståande der til fyrste dagane i april.

Torskefiske ved Island og kvalfangst (bottelnos) er det og sume som driv her frå. Fangstmengdi var jamt stor, men små prisar. Silde fisket ved Island var mykje hindra av storm, so fangstmengdi vart liti. Men prisen var god.

I det heile er det svært dårlege tider på sjøen. Prisen på fisk og sild selolje og kvalolje og andre fiskeprodukter er stort set under det prisen var før krigen. Men vegnprisen og dei andre driftsutgiftene er enno svært høge, so vinningi vert liti.

Byggjing

Lars O. Kvien bygde seg ny løda. Ivar P. Myklebust bygde seg stova (fram i myrane) på eit jordstykke som han hev kjøpt med L.K. Grønnevet. Her veks fram eit nytt tun. Hans Barstad bygde seg stove på Reiten på garden til L.H. Sætre. Stova stend tett nordan for, der kårstova han[s] Reite-Hans (Lars-Hans) stod. Vartdal kommune bygde stove åt Martha O. Kvien.

I dei siste åri hev det kome mange nye moder, millom anna er det sume gjentor som klipper av seg håret. Fyrst i år nådde denne moden til oss.

Radio: Det fyrste radioapparatet kom hit i 1925. Det er Knut Vartdal som eig det. No sidan hev det kome mange fleire.

I fyrstningi av november losna det ei svær steinfonn når i Hans hammaren. Ovanfor husi til Amund Sætre. Umlag halvparten av hammaren ramla då.

Åndslivet

Ungdomslagi sende søknad til soknerådet um at nynorsk salmebok måtte takast i bruk. Lagverksemdi hev dette året vore som vanleg. Her er svært mange av dei ymse slags lag og foreiningar. I ei liti bygd som denne der alle skal vera med i alt, vert det formykje. Haustane framyver er det som oftast 3-4 ymse slags møte for vika. Dei fleste lag hev og sine innsamlingar, og når alle skal samla inn pengar so vert folket for mykje utpint.

Skulesøknad. Tvo gutar hev året 1926-27 gjenge på Møre Folkehøgskule. 2 hev gjenge lærarskulen i Volda 1 mellomskulen på Ørskog. Ein hev gjenge ungdomsskulen i Ulsteinvik.

Folkeavrøystingi um brennevinsforbod var det i år. Ein sterk folkeoppinion for brennevinsforbod reiv folket med seg so utfallet vart 451 røyster for brennevinsforbod og 2 røyster mot brennevinsforbod.

Lesnad. Folk les lite bøker. Bøkene er og so dyre at folk hev ikkje råd til å kjøpa so mykje. Ungdomslaget (fril.) skipa i år ein lesering der 11 er med. Boksamlingi vert og lite nytta.

Bladhald: Folket les mykje aviser. År um anna vert det halde blad for 18-1900 kr. for året. Det mest lesne blad er Sunnmørsposten. Elles er det mange som held eit Oslo blad. I dei fleste hus held dei og eit eller fleire misjonsblad. Dei fleste born held Norsk barneblad.

Ettergløymt.

Ole S. Myklebust hev bygt seg elektrisitetsverk dette året. Verket er på 2 kilovatt. Andr. E. Myklebust hev og bygt seg elektrisitetsverk dette året, verket er på ca. 500 vatt. P.P. Myklebust hev kjøpt Kvia, tidligare eigar Hans Dyphavn Hareide. Lars Ellingsen hev kjøpt eit jordstykke på Remmen, av Ole Mølsæter.