Folk frå fortida – Anne Olave Sætre

Anne Olave Sætre (1852-1936) var gardkone, fiskarkone, landhandlar og økonomi-filosof. Ho var frå Åmundegarden Sætre. I 1873 gifte ho seg med Petter Eliasson Melbø. Tre år seinare flytta dei til garden Stranda på Sætre, ein tredjepart av farsgarden hennar. Fram til 1884 vart ho mor til seks born. Berre den eldste av desse borna, Andreas, vart verande i heimbygda. Yngstesonen Paul budde på Stranda-garden ei tid, busette seg til sist i Ålesund. Dei tre døtrene hennar Anne Olave budde i Hareid, Langevåg og Ålesund. Ein son utvandra til Minnesota.

I 1902 kom ektemaken Petter og eldste sonen burt på sjøen då dekksbåten Albatross forliste på sunnmørshavet. Det var eit tungt slag for Anne Olave. Men ho gav seg ikkje over. Mannen hadde teke til med ein liten landhandel som enka heldt fram med. Og ho var eit sers dugande forretningsmenneskje, som fekk det til å gå, greid og klår i tanken og med eit uvanleg godt minne. Det er fortalt at ein ung kar kom frå sjøen og var interessert i å kjøpe eit ullteppe, men fann prisen noko stiv. «Tak 10-kroningen og legg han på magen, so kjenner du kor mykje han vermer», svara ho Anne Olave. Her i byen (Ålesund) var ho velkjent den tid ho kom her med smør og andre bondevaror. Ho hev havt framifrå god helse. Fyrst dei siste dagane bar ho seg for noko hovudverk; men det kunde ikkje vera so fårleg, meinte ho. So sov ho seg inn i døden.