Ola Rotnes (1859-1935) var frå Lisbetgarden Barstad. I 1885, same året som han gifta seg med Berte Nilssdotter Romestrand frå Nilsgarden der, kjøpte han Rotnes-garden for 2864 kroner. Då Ola tok over drifta var der heile 32 åker-reitar på garden. I hans levetid vart det rydda mykje stein or marka og slåtteteigane utvida. Han leigde elles drenger til å grave ei kilometer lang truskeveite frå Lyngefjellet, eit retteleg storarbeid. I 15 år leigde han ut ei av stovene i bustadhuset til skulestove.
Frå han var 24 år dreiv Ola vintersfiskje med ottring, seinare med møring. I februar 1893 leverte han eit par sjøstøvlar («Slagstøvler») inn til hamnebetjenten i Ålesund, desse støvlane fann Ola i båten sin. I 1900 reiste han til Bjørkedalen i Volda og tinga, på vegne av seg sjølv og tre andre, ein dekksbåt av Svein Bjørkedal (Jakops-Svenn) i Jakobsgarden Søre-Bjørkedal. Den 42 fot lange båten Bard førte Ola under torskefiskja. Fram til 1907/8 var Bard eit seglfarty, sidan ein motorbåt. I mars 1914 dreiv han Ola fiskje frå Alnes då han og mannskapet hans fann ein færing, merka N 315, drivande på havet. Vinteren 1915 var Ola ein av 17 oppsynsmenn i Giske oppsynsdistrikt under vintersfiskja. Oppsynsmennene fiska i lag med alle hine, men hadde eit eige varslingsmynde. Fem år seinare deltok Ola i fiskja med motorbåten Brodd, framleis frå Alnes.
Over ein periode på 24 år, 1885 til 1908, vart Ola og Berte foreldre til 9 born. Anna på Rot, Ragnhild Alnes i Nørevartdal, og odelsguten Nils vart alle verande vartdalingar. Fem av dei seks yngste borna busette seg i ulike kommunar på Sunnmøre. Einast Sverre Rotnes ròk vekk frå heimlege strender, han budde i Akershus fylke.