Folk frå fortida – Bernt Kolbeinsson Rot

Bernt Kolbeinsson Rot (1837-1916) var frå den einbølte garden Bjørndal. I 1865 tente han i Johansgarden på Buset hos svogeren Johannes K. Buset som var gift med syster hans, ho Hansine. Eit halvår seinare, jonsokdag i 1866 vart Bernt i Hareidskyrkja med Ingeborg Knutsdotter frå Toregarden Myklebust. Ingeborg var syster hans Buset-Johans, så her var det syskenbyte. Over ein periode på 25 år sette ho 8-åtte born til verda, 5 jenter og 3 gutar. Odelsguten døydde i ungdomen, så det vart yngste sonen som vart jordbrukar på Øvste-Rot. Han og to av syskena var involvert i syskenbyte med ein familie på Solavåg i Sula, syskena vart såleis sulamittar. Tre av døtrene hans Bernt vart verande vartdalingar, busette på Lynge, Barstad og i Flåvika. Imedan ei var gift og busett på Klepp i Volda.

Kanskje same året som han gifte seg, leigde Bernt gardsbruket Øvste-Rot av JoPe-Erik på Årskog. Omframt drifta av den steinete Rota-garden, var Bernt i mange år styresmann på ottring under vintersfiskja. Vinteren 1894 var han Ulstein og Herøy sin varamann til Fiskeribestyrelsen i Søndmøre Fogderi, eit organ som regulerte vintersfiskja. Bernt var frå 1880 medlem i Ulstein heradsstyre, med sete i formannskapet 1887-90?, 1891 på ny medlem. 1895-1901 hadde han sete i det heradet Vartdalsstranden. I juli 1897 var han ein av tre utsendingar frå Vartdal som deltok på jarnbanemøtet om Raumabana i Molde, ordførar Hans Vartdal og «Iver Nørrevartdal» (Tore–Ivar Andreas) dei andre. Bernt vart november 1897 vald til ein av tre domsmenn frå Vartdal.

Bernt var leiglending all sin dag, den siste i heile Vartdal. Sigvald Vartdal, f. 1892, mintest frå sine barneår Bernt kome forbi Steinagarden på veg til bestemora si i JoPe-garden, ho JoPe–Marja, med skylda. JoPe–Marja hadde arva garden Øvste-Rot av far sin på Øvrelid i Hareid. I 1915 fekk Bertel Rot kjøpe Øvste-Rot av Johannes S. Nørevartdal (Steina-Johans, svigersonen hennar Marja). Då var alle gardbrukarar i Vartdal-bygdene sjølveigarar, endå om fleire dreiv ein gard som anten far eller mor stod som eigar av.